Ilja Sjkurenjov
Ilja Sjkurenjov | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 11. januar 1991 (34 år) Linevo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, EM i friidrett 2012, EM i friidrett 2014, 2013 European Athletics Indoor Championships – men's heptathlon, EM i friidrett innendørs 2015, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tikamp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn |
Ilja Jurjevitsj Sjkurenjov (fødd 11. januar 1991) er ein russisk friidrettsutøvar i mangekamp. Han har i tida 2012-18 vunne ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i tikamp.
Aktiv
Sjkurenjov presterte 8 219 poeng og personbeste då han vann bronsen i tikampen ved EM 2012 i Helsinki. Personbeste gjorde han også då han med 8 498 poeng vann ein ny EM-bronse i Zürich i 2014. Året etter pressa han sitt personbeste til 8 538 poeng ved VM i Beijing og vart fjerdemann i tevlinga.
Sjkurenjov deltok ikkje i Sommar-OL 2016 då dei russiske friidrettsutøvarane var utestengde frå leikane. Sommaren 2017 sette han personleg tikamprekord med di han oppnådde 8 601 poeng under eit stemne i Smolensk. Med årsbeste lukkast han vinne sølv då EM 2018 fann stad i Berlin. Under verdsmeisterskapen i Doha i 2019 enda han som i VM 2015 på fjerdeplass.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje – 8 219 poeng
- OL 2012 i London: Nr 16 – 7 948 poeng
- VM 2013 i Moskva: Nr 8 – 8 370 poeng
- EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 8 498 poeng
- VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 8 538 poeng
- VM 2017 i London: Braut etter seks øvingar
- EM 2018 i Berlin: Sølvmedalje – 8 321 poeng, bakom Arthur Abele (8 431 poeng)
- VM 2019 i Doha: Nr 4 – 8 494 poeng
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ilja Jurjewitsch Schkurenjow» frå Wikipedia på tysk, den 7. oktober 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Ilya Shkurenyov» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2019.
- «Ilya Shkurenyov» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023.