Implosiv

Ein implosiv er ein språklyd som blir uttala på følgjande vis:

  • Det er ein fullstendig lukke i munnhola.
  • Velum (ganeseglet) er heva, så luft ikkje slepp ut eller inn gjennom nasen.
  • Det er ein glottalisk ingressiv luftstraum.

Implosiven kan òg karakteriserast som ein glottalisk ingressiv oral lukkelyd.

I IPA-lydskrifta finst det fem symbol for stemde implosivar:

  • [ɓ] – bilabial implosiv
  • [ɗ] – dental/alveolar implosiv
  • [ʄ] – palatal implosiv
  • [ɠ] – velar implosiv
  • [ʛ] – uvular implosiv

Det finst òg ustemde implosivar, som vi skriv med ein liten ring under eller over, til dømes [ɓ̥ ɗ̥] og [ɠ̊]. Symbola [ƥ ƭ ƈ ƙ ʠ] kan òg nyttast, men dei er ikkje godkjende av IPA.

Implosivar er vanlege i mange språk over heile verda. Mellom språk som har implosivar, kan nemnast nguni, fulfulde og vietnamesisk.