Inger Christensen

Inger Christensen

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 16. januar 1935
Vejle
Død

2. januar 2009 (73 år)
København

Yrke lyrikar, romanforfattar, essayist, barnebokforfattar, skribent, skodespelforfattar
Politisk parti Danmarks Kommunistiske Parti
Ektefelle Poul Borum
Inger Christensen på Commons

Inger Christensen (16. januar 19352. januar 2009) var ein dansk forfattar av dikt, romanar, essay og skodespel. Ho blir rekna som ein fremståande representant for poetisk eksperimentalisme.

Liv og virke

Christensen var frå Vejle. Etter å ha avlagt eksamen ved Vejle gymnasium, flytta ho til København og seinare til Århus, der ho studerte ved lærarskulen. I denne tida byrja ho å publisera dikt i tidsskriftet Hvedekorn, og vart rettleidd av den danske poeten og kritikaren Poul Borum (1934–1995). Dei to gifta seg i 1959 og skilde lag i 1976.

Etter å ha undervist ved kunsthøgskulen i Holbæk 1963–1964 byrja ho å skriva på heiltid. Ho gav ut to dei to samlingane Lys (1962) og Græs (1964), som begge tok for seg grensene for sjølvinnsikt og rolla til språket i persepsjon.

Det viktigaste verket hennar i 1960-åra var diktsamlinga Det, som kom ut i 1969.

I desse åra gav ut Christensen også to romanar, Evighedsmaskinen (1964) og Azomo (1967), og dessutan Det malede rom (1976). Sistnemnde er ein kortare fiksjon om den italienske renessansemålaren Mantegna, presentert frå synspunktet til ulike forteljarar (Mantegna sin sekretær, Marsilio, den tyrkiske prinsessa Farfalla og den unge sonen til Mantegna).

Fleire av verka til Christensen er organiserte i «systemiske» strukturar som passa med oppfatninga hennar av at poesi ikkje er sanning og ikkje ein gong ein «draum» om sanninga, men «eit spel, kanskje eit tragisk spel – me speler spelet med ei verd som speler sitt eige spel med oss».

I 1981 gav ho ut diktsamlinga Alfabet. Denne har ein struktur som baserer seg på ei talrekkje av den italienske matematikaren Leonardo Fibonacci (1170–1250). Fibonaccifølgja er ein formel der kvart nye tal utgjer summen av dei to som er før det: 1–2–3–5–8–13–21–34 og så vidare. Christensen nytta denne formelen på alfabetet, og skreiv eit dikt til kvar bokstav – med éi linje i dikta om a, to linjer i dikta om b, tre på c, fem på d, åtte på e, osb. Ho stoppa ved bokstaven n, som er midtvegs i alfabetet, og som er ein bokstav som kan sjåast som eit uttrykk for det matematiske omgrepet «n'te gong» – det uendelege.

Sommerfugledalen frå 1991 nytta sonettestrukturen til å utforska det skrøpelege ved livet og døyelegheita, og enda med ei form for omdanning.

Christensen har også skrive verk for barn, skodespel, høyrespel og ei lang rekkje essay. Dei mest vesentlege blei samla i boka hennar Hemmelighedstilstanden i 2000.

Verka til Christensen er omsette til ei rekkje språk.

Christensen har fått fleire prisar og utmerkingar, som medlemskap i Det Danske Akademi, i l'Académie Européenne de Poésie og i det tyske Akademie der Künste i Berlin.

Sommerfugledalen er teken opp i den danske kulturkanonen.[1]

Alfabet er innlemma i den norske kåringa Århundrets Bibliotek i regi av Den norske Bokklubben, som omfattar dei hundre beste bøkene frå 1900-talet.

Bibliografi

  • Lys (dikt), 1962
  • Græs (dikt), 1963
  • Evighedsmaskinen (roman), 1964
  • Spejltigeren (høyrespel), radiopremiere 1966
  • Azorno (roman), 1967
  • Klædt på til at overleve (høyrespel), radiopremiere 1967
  • Det (dikt), 1969
  • Et uhørt spil (høyrespel), radiopremiere 1969
  • Intriganterne (skodespel), 1972
  • Masser af sne til de trængende får (høyrespel), radiopremiere 1973
  • En aften på Kgs. Nytorv (høyrespel), radiopremiere 1975
  • Det malede værelse (roman), 1976
  • Brev i april (dikt), 1979
  • Alfabet (dikt), 1981
  • Den store ukendte rejse (barnebok), 1981
  • Del af labyrinten (essay), 1982
  • En vinteraften i Ufa (skodespel), 1987
  • Digt om døden (dikt), 1989
  • Mikkel og hele menageriet (barnebok), 1990
  • Sommerfugledalen (dikt), 1991
  • Hemmelighedstilstanden (essay), 2000
  • Som var mit sind lidt græs der blev fortalt, 2017
  • Verden ønsker at se sig selv (diktprosautkast), 2018

Kjelder

  1. «Kulturkanonen, Litteratur, Sommerfugledalen» (PDF) (på dansk). Kulturministeriet. s. 130–131. Arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2013. Henta 29. oktober 2015.