Jæren prosti

Jæren prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja, med prostesete på Bryne.
Frå 1998 omfattar Jæren prosti sokna i dei fire kommunane på søre Jæren:
- Time kommune
- Klepp kommune
- Klepp sokn
- Bore sokn
- Orre sokn
- både Klepp og Time kommunar
- Frøyland og Orstad sokn (utskild frå Klepp og Time i 2006,[3] Noregs einaste sokn som er delt på to kommunar)
- Hå kommune
- Nærbø sokn
- Varhaug sokn
- Ogna sokn
- Gjesdal kommune
- Gjesdal sokn
- Ålgård sokn
Historikk
Prostiet har røter i mellomalderen, og femna opphavleg om heile Jæren, unnateke den nørdste luten. Følgjande grenseendringar har skjedd:
- Madla sokn vart tilført i 1741 etter å ha lege under latinskulen i Stavanger, men vart flytta til Stavanger domprosti 1967.[4]
- Dirdal kapelldistrikt vart tilført frå Hetland prosti i 1965.[5]
- Riska sokn vart tilført frå Hetland prosti i 1967[6]
- Ogna sokn vart tilført frå Dalane prosti i 1988.[7]
- Høle sokn vart tilført frå Hetland prosti i 1988.
- Randaberg og Kvitsøy sokn vart tilførte frå Hetland prosti i 1988, men vart flytta til Tungenes prosti i 1998.[8]
- alle sokn i Sandnes (medrekna ovan nemnde Riska og Høle) og Sola kommunar vart overførte til det då nyoppretta Sandnes prosti i 1998.
Kjelder
- ↑ NSD (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25. august 2012, henta 16. oktober 2013
- ↑ Bryne kyrkjelyd
- ↑ NSD (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25. august 2012, henta 16. oktober 2013
- ↑ Arkivverket
- ↑ Arkivverket
- ↑ Arkivverket
- ↑ Arkivverket
- ↑ NSD (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25. august 2012, henta 16. oktober 2013