Jõhvi
Jõhvi | |||
by | |||
Hovudplassen i Jõhvi.
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Ida-Viru maakond | ||
Areal | 7,56 km² | ||
Folketal | 10 880 (1. januar 2024)[1] | ||
Jõhvi 59°21′27″N 27°24′44″E / 59.3575°N 27.412222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Jõhvi |
Jõhvi (tysk Jewe) er ein by og ein kommune nordaust i Estland og hovudstad i Ida-Viru maakond. Byen ligg om lag 50 km frå grensa til Russland.
Etniske estlendingar er ein minoritet i Jõhvi og om lag 58 % av innbyggjarane er anten etniske russiske emigrantar som kom til hit i sovjettida eller etterkomarane deira.
Historie
Jõhvi vart først nemnd som ein landsby i 1241 i Liber Census Daniae då han vart styrt av Danmark. Historiske namn på Jõhvi har vore Gewi og Jewi. På 1200-talet vart det bygd ei kyrkje her, og Jõhvi vart senter for eit sokn.
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://andmed.stat.ee/en/stat/rahvastik__rahvastikunaitajad-ja-koosseis__rahvaarv-ja-rahvastiku-koosseis/RV0240; vitjingsdato: 1. september 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Jõhvi» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.