Jazz from Hell
Jazz from Hell Studioalbum av Frank Zappa | ||
Språk | engelsk, inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 15. november 1986 | |
Innspelt | 1985–1986 ved UMRK (utanom «St. Etienne», 1982 ved Palais des Sports i St. Etienne, Frankrike) | |
Sjanger | Datamusikk, jazzfusion | |
Lengd | 34:26 | |
Selskap | Barking Pumpkin | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
The Old Masters Box II (1986) |
Jazz from Hell | London Symphony Orchestra, Vol. II (1987)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | (positiv)[2] |
Jazz from Hell er eit instrumentalalbum av Frank Zappa som han vann ein Grammy for. Det kom ut i 1986 på Barking Pumpkin Records (vinyl) og Rykodisc (CD).
Albuminformasjon
All songane er laga og framført av Frank Zappa på Synclavier DMS med unntak av «St. Etienne», ein gitarsolo frå eit konsertopptak av «Drowning Witch» frå ein konsert i Saint-Étienne i Frankrike under ein turné i 1982.
«While You Were Art II» er ein Synclavier-versjon basert på ein transkripsjon av ein improvisert gitarsolo på songen «While You Were Out» frå Shut Up 'n Play Yer Guitar. Den ikkje-utgjevne originale Synclavier-versjonen vart laga med berre FM-synthen på synthesizeren, medan innspelinga på albumet vart Zappa sitt «deluxe»-arrangement med nyare samplingar og klangar.
«G-Spot Tornado» var eit stykke Zappa meinte var umogeleg for menneske å spele. Det vart framført av Ensemble Modern på konsertinnspelinga The Yellow Shark.
Utgjeving
Det vart gjeve ut i Europa på CD i lag med ni spor frå Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention på same plate.
Prisar
Zappa vann ein Grammy for beste instrumentale rock for albumet i 1988.
Kontrovers
Sjølv omd et er eit instrumentalalbum kom det rapportar, som ikkje er stadfesta, om at Fred Meyer-kjeda selde Jazz from Hell med eit Parental Advisory-merke på. Dette kan ha kome av striden Zappa hadde med PMRC, bruken av ordet «hell» i albumtittelen, eller sporet «G-Spot Tornado».[3]
Innhald
Alle songar er skrivne av Frank Zappa.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Night School» | 4:47 |
2. | «The Beltway Bandits» | 3:25 |
3. | «While You Were Art II» | 7:17 |
4. | «Jazz from Hell» | 2:58 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «G-Spot Tornado» | 3:17 |
6. | «Damp Ankles» | 3:45 |
7. | «St. Etienne» | 6:26 |
8. | «Massaggio Galore» | 2:31 |
Medverkande
- Musikarar
- Frank Zappa – Sologitar, synclavier, klaverinstrument, plateprodusent
- Ed Mann – perkusjon
- Tommy Mars – klaverinstrument
- Bobby Martin – klaverinstrument, saksofon
- Scott Thunes – bassgitar, klaverinstrument
- Steve Vai – rytmegitar
- Chad Wackerman – trommer
- Ray White – rytmegitar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jazz from Hell» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planer, L. (2011). «Jazz from Hell - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014.
- ↑ Fricke, D. (2011). «Frank Zappa: Jazz From Hell : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 25. mai 2009. Henta 5. juni 2014.
- ↑ Nuzum, Eric. «Censorship Incidents: 1980s». Parental Advisory: Music Censorship in America. Arkivert frå originalen 21. juni 2007. Henta 23. august 2014.