Joúra
- Sjå òg Járos, òg kalla Joúra, ei øy i Kykladane.
Joúra (gresk Γιούρα), òg kalla Gioura, er ei øy i Hellas i øygruppa Dei nordlege Sporadane. Øya er administrativt ein del av kommunen Alónnisos og er ikkje lenger busett.[1]
Namnet på øya går tilbake til antikken som Gerontia. Namnet vart seinare endra til Joúra. Øya hadde tidlegare òg ein busetnad frå steinalderen. Etter ei folketeljing i 1991 hadde øya ein innbyggjarar, noko som gjorde øya til det minste kommunedistriktet i Hellas ut frå folketal. Sidan midten av 1990-åra har øya vore utan innbyggjarar.
Dei næraste øyane er Kyrá Panajá i vest, Psathoúra i nord og Pipéri i aust.
Referansar
Bakgrunnsstoff
- Joúra og Kyklopsgrotta Arkivert 2007-06-30 ved Wayback Machine.
- Joúra på GTP sine reisesider
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gioura frå Engelsk Wikipedia .