Kafr al-Labad

Kafr al-Labad
كفراللبد
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tulkarm guvernement
Koordinatar 32°17′51.05″N 35°06′33.78″E / 32.2975139°N 35.1093833°E / 32.2975139; 35.1093833
Areal 11,9 km²
Folketal 4 074  (2007)
Folketettleik 342 / km²

Kafr al-Labad
32°17′51″N 35°06′34″E / 32.297513888889°N 35.109383333333°E / 32.297513888889; 35.109383333333
Kart som viser Kafr al-Labad.
Kart som viser Kafr al-Labad.
Kart som viser Kafr al-Labad.
Wikimedia Commons: Kafr al-Labad

Kafr al-Labad (arabisk skrift كفراللبد) er ein palestinsk landsby i Tulkarm guvernement nordaust på Vestbreidda, 9 kilometer aust for Tulkarm og to kilometer sør for Anabta. Folketalet i 2007 var 4 074 i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.[1] Han har eit areal på 11 917 mål, der 25 % vert nytta til jordbruk. Dei viktigaste avlingane frå landsbyen er oliven, frukt og kveite.[2]

Historie

Tidleg under Det osmanske riket i 1596, var Kafr al-Labad ein del av Qaqun nahiya, som høyrte til den større Nablus sanjak. Han hadde eit folketal på 57 hushaldningar.[3]

I 1995 konfiskerte det israelske militæret kring 200 mål av landområdet til Kafr al-Labad for å forstørre den nærliggande israelske busetjinga Avnei Hefetz.[4] I alt er kring 355 mål av områda til Kafr al-Labad blitt overført til Avnei Hefetz, medan 20 mål er konfiskert av busetjinga Einav.[2]

Kjelder

  1. 2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 108.
  2. 2,0 2,1 The Expansion of Avni Hefets koloni at the Expense of Kufr Al Labbad landsby Arkivert 2014-01-11 ved Wayback Machine.. Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 2009-08-03.
  3. al-Salim, Farid. Landed Property and Elite Conflict in Ottoman Tulkarm. Jerusalem Quarterly. Autumn 2011.
  4. The Middle East: Abstracts and Indexes. Library Information and Research Service, 1999. Vol. 23, s. 280.

Bakgrunnsstoff