Karelarar

Karelarar er namnet på ei finsk-ugrisk folkegruppe som bur hovudsakleg i republikken Karelen i Russland og dessutan i Finland. Dei talar frå gamalt av karelsk, sjølv om stadig fleire no nyttar russisk. Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 61 000 karelarar der, 46 000 av dei i republikken Karelen. 26 000 oppgav at dei meistra karelsk språk.[1]
Fotnotar
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010