Kerstin Ekman

Kerstin Ekman

Statsborgarskap Sverige
Fødd 27. august 1933 (90 år)
Finspångs kommun
Yrke skribent
Sjanger Kriminalroman
Medlem av Svenska Akademien, Samfundet De Nio
Kerstin Ekman på Commons

Kerstin Lillemor Ekman, kjend som Kerstin Ekman, (fødd Hjorth, (fødd 27. august 1933) i Risinge i Östergötland) er ein svensk forfattar.

Ho har skrive fleire populære detektivromaner, som De tre små mästarna og Dödsklockan, men gjekk seinare over til psykologiske og sosiale tema. Blant dei mest omtykte bøkene hennar er Vallmsta-sviten, (1974-83), Händelser vid vatten (1993) og Vargskinnet-trilogien (1999-2003). Dei fire siste bøkene er presise skildringar av samtid og nær fortid i utkantbygdene i Jämtland.

I 1994 blei Ekman tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Händelser vid vatten

Ho er medlem av Svenska Akademien frå 1978 då ho etterfylgde Harry Martinson på stol nr 15. Sidan Salman Rushdie-saka i 1989, som ho tykte Svenska Akademien reagerte for veikt i, ser ho ikkje lenger seg sjølv som medlem, men reglane i akademiet seier at ho vil vera eit passivt medlem til ho døyr.

Verk

  • 1959 30 meter mord (detektivroman)
  • 1960 Han rör på sig (detektivroman)
  • 1960 Kalla famnen (detektivroman)
  • 1961 De tre små mästarna (detektivroman)
  • 1962 Den brinnande ugnen (detektivroman)
  • 1963 Dödsklockan (detektivroman)
    • på norsk:
    • 1980 Dødsklokken omsett av Thor Chr. Borch (Aschehoug, Oslo)
  • 1967 Pukehornet (roman)
  • 1970 Menedarna (roman)
  • 1972 Mörker och blåbärsris (roman)
  • 1974 Häxringarna (roman, del 1 i serien Kvinnorna och staden, tidlegare kalla Vallmstasviten)
    • på norsk: 1978 Hekseringene, omsett av Gunnel Malmström (Aschehoug, Oslo)
  • 1976 Springkällan (roman, del 2 i serien Kvinnorna och staden)
    • på norsk: 1979 Springkilden, omsett av Gunnel Malmström (Aschehoug, Oslo)
  • 1977 Vykort från Katrineholm (spesialbok, julehelsing frå Albert Bonniers Förlag, vart ikkje seld i handelen)
  • 1978 Harry Martinson (Ekmans innsettingstale i Svenska Akademien)
  • 1979 Änglahuset (roman, del 3 i serien Kvinnorna och staden)
    • på norsk: 1980 Englehuset, omsett av Gunnel Malmström (Aschehoug, Oslo)
  • 1983 En stad av ljus (roman, del 4 i serien Kvinnorna och staden)
  • 1986 Mine Herrar... (essay)
  • 1986 Hunden (roman)
  • 1988 Rövarna i Skuleskogen (roman)
    • på norsk: 1989 Røverne i Skuleskogen, omsett av Gunnel Malmström (Aschehoug, Oslo)
  • 1990 Knivkastarens kvinna (lyrisk forteljing)
    • på norsk: 1992 Knivkasterens kvinne, omsett av Gunnel Malmström (Aschehoug, Oslo)
  • 1993 Händelser vid vatten (roman)
    • på norsk: 1994 Hendelser ved vann, omsett av Gunnel Malmström (Aschehoug, Oslo)
  • 1994 Rätten att häda (essay)
  • 1996 Gör mig levande igen (roman)
    • på norsk: 1999 Gjør meg levende igjen, omsett av Gunnel Malmström (Aschehoug, Oslo)
  • 1999 Guds barmhärtighet (roman, del 1 i triologien Vargskinnet)
    • på norsk: 2000 Guds barmhjertighet, omsett av Ragnhild Slåttelid Bugge og Niels Magnus Bugge (Aschehoug, Oslo)
  • 2000 Urminnes tecken (roman)
  • 2002 Sista rompan (roman, del 2 i triologien Vargskinnet)
  • 2003 Skraplotter (roman, del 3 i triologien Vargskinnet)

Prisar og utmerkingar

Bakgrunnsstoff