Kinesjma
Kinesjma Кинешма | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Ivanovo oblast | ||
Først nemnt i Bystatus |
1429 1777 | ||
Borgarmeister | Vitali Sidorenko | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
50 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
92 900 1 858 /km² | ||
Koordinatar | 57°27′00″N 42°09′00″E / 57.45000°N 42.15000°E | ||
Høgd over havet | 110 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 155800–155819 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)49331 | ||
Nettstad: www.admkineshma.ru |
Kinesjma (russisk Кинешма) er den nest største byen i Ivanovo oblast i Russland med om lag 95 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 90 km nordaust for Ivanovo og strekkjer seg over 15 kilometer langs Volga.
Historie
Kinesjma vart første gong nemnt som ein posad i 1429. I 1504 gav Ivan III han til fyrst Fjodor Belskij, som flykta til Moskva frå Litauen og gifta seg med niesa til Ivan. Seinare gav Ivan den grufulle Kinesjma til Ivan Sjuiskij, men etter sistnemnte døydde vart han returnert til tsaren i 1587. På 15- og 1600-talet var Kinesjma eit viktig fiskerisenter, som leverte stør til tsaren. I 1608 vart byen plyndra to gonger av polakkane. Frå 1700-talet har hovudindustrien i byen vore framstilling av tekstilar.
Attraksjonar
Det viktigaste landemerket i Kinesjma er Treeiningskatedralen, bygt i 1838–1845 i ein typisk nyklassisistisk arkitektur. Det er òg fleire 1700-talskyrkjer i byen.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kinesjma» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2009.