Klement
Etiam rogo et te germane compar, adiuva illas, quæ mecum laboraverunt in Evangelio cum Clemente, et ceteris adiutoribus meis, quorum nomina sunt in libro vitæ. (Frå latinske Vulgata) Ja, eg bed og deg, du som med rette heiter Synzygus, ver deim til hjelp! for dei hev stridt med meg i evangeliet saman med Klemens og mine andre medarbeidarar - deira namn stend i livsens bok. (Frå Studentmållagbibelen)
Paulus’ brev til filipparane {4:3}
|
Klement og Clement er mannsnamn. Andre former er Klemet, Clemens. Klement har norsk namnedag den 23. november. Namnet er og nytta som etternamn.
Namnet kjem frå det latinske ordet clemens som tyder 'mild', og er nemnd i Bibelen. Fleire pavar og helgenar har heitt Klemens.
Kjende namneberarar
- Clément Janequin (1485-1558), fransk renessansekomponist
- Clement Richard Attlee (1883-1967), statsminister i Storbritannia
- Clement Clarke Moore (1779-1863, USA-amerikansk diktar, skreiv A Visit from St. Nicholas
- Clement Freud (born 1924), politikar, forfattar, barnebarn av Sigmund Freud
- Clément Rodier (1829-1904), fransk misjonær og fruktdyrkar som klementin er kalla opp etter
- Clement Endresen (f. 1949), norsk høgsterettsdommar
- Clemente Rodríguez (f. 1981), argentinsk fotballspelar
Som etternamn
- Jacobus Clemens Non Papa, flamsk renessansekomponist
- Jean III Clément (d. 1262), fransk adelsmann
- Edmond Clément (1867-1928), fransk tenor
- Jean-Baptiste Clément (1836-1903), fransk aktivist
- Frank G. Clement (1920-1969), guvernør i Tennessee
Stader
- Byen Clément i Fransk Guiana
- Saint Clement på Jersey
- St Clement i Cornwall
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Klement» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2008.
- «Klemens» i Store Norske Leksikon