Kolding
Kolding
bilet_horisont =Søndergade, Kolding 2005.jpg | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune |
Danmark Region Syddanmark Kolding kommune | ||
Grunnlagd | 1200-talet[1] | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
239 km² | ||
Innbyggjarar - By (2013) - folketettleik |
57 583 265/km² | ||
Koordinatar | 55°29′27″N 9°28′20″E / 55.4908°N 9.4722°E | ||
Høgd over havet | 50 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://www.kolding.dk/ |
Kolding er ein hamneby og tidlegare kjøpstad i den sørlege delen av Jylland i Danmark. Byen ligg ved Koldingfjorden. Han er òg senteret i Kolding kommune i Region Syddanmark. Byen er eit transport-, handels- og industrisenter, hovudsakleg retta mot skipsbygging. Andre viktig næringar er produksjon av maskineri og tekstilar, i tillegg til buskapseksport.
Med eit folketal på 57 583 (2013)[2] innbyggjarar er byen den sjuande største i Danmark.
I Kolding ligg det tidlegare kongelege slottet Koldinghus. Dette vart bygd på 1200-talet, og er i dag eit museum. Visse delar av slottet, som kapellet og spisesalen, vert stundom brukt til statlege seremoniar. Det var den kongelege residensen på Jylland.[3]
St. Nicolai kyrkja av stein er ei av dei eldste kyrkjene i Danmark, bygd på 1200-talet. Andre populære turistattraksjonar er Trapholt kunstmuseum og Geografisk Have. Trapholt inneheld samlingar av dansk kunst frå 1900, og eit mindre utval av utanlandske utstillingar.
Kjelder
- ↑ Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 104, ISBN 87-567-6203-8
- ↑ Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Vitja 10. februar 2014)
- ↑ Koldinghus' historie frå Museet på Koldinghus (Vitja 10. februar 2014)