Korjakia

Korjakia
Корякия
sjølvstyrt område
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Fjerne Austen
Hovudstad Palana
Areal 292 600 km²
Folketal 23 000 (1939)[1]
Språk russisk
Tidssone UTC +12
Bilnummer 82

Korjakia
59°05′00″N 159°56′00″E / 59.083333333333°N 159.93333333333°E / 59.083333333333; 159.93333333333
Korjakia på kartet over Russland i 2005.
Korjakia på kartet over Russland i 2005.
Korjakia på kartet over Russland i 2005.
Wikimedia Commons: Koryakia

Korjakia[a] var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland fram til 1. juli 2007. Det var del av Kamtsjatka oblast, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. 1. juli 2007 vart distriktet slått saman med Kamtsjatka oblast til den nye eininga Kamtsjatka kraj. Samanslåinga vart godkjend i ei folkerøysting 23. oktober 2005. Korjakia er no eit distrikt i Kamtsjatka kraj. Hovudstaden er Palana, arealet er 301 500 km² og innbyggjartalet er 18 800 (2010).[6]

Korjakia ligg heilt aust i Russland, nord på stillehavskysten. Distriktet omfattar dei nordlegaste delane av Kamtsjatkahalvøya og dei nærliggande delane av fastlandet. På vestsida ligg Okhotskhavet og på austsida Beringhavet. Regionen er berglendt, høgste punktet er fjellet Ledjanaja, 2562 meter over havet. Fjellområda inneheld store mineralressursar som enno er lite utnytta, mellom anna kol, gull og platina. Middeltemperaturen i januar er - 17 grader celsius, i juli + 14 grader celsius.

Korjakia har ingen stader med bystatus. 26,5 % av folket bur i tettbygde område. Den etniske samansetjinga er:

Dei første russarane kom til området rundt midten av 1600-talet. Russisk busetjing i området kom ikkje før på 1800-talet. I 1927 budde om lag 11 000 menneske i det som no er Korjakia, av dei var berre 14 % russarar, og 60 % korjakar. 10. desember 1930 vart regionen Korjakia oppretta, som Den korjakiske nasjonale krins. Industriell utnytting av naturressursane i området tok til etter den andre verdskrigen, og korjakane vart ein minoritet. I 1990 budde det 45 000 menneske i Korjakia. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har folketalet gått dramatisk ned, og var i 2010 berre 42 % av det det var i 1990. Korjakia fekk status som føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen, men i 2005 gjekk eit fleirtal inn for samanslåing av Korjakia og Kamtsjatka oblast til Kamtsjatka kraj. Dette vart gjennomført 1. juli 2007.

Merknader

  1. russisk Корякский автономный округ Korjakskij avtonomnyj okrug

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Камчатская область : статьи и очерки по географии : [сборник] / Камч. обл. ин-т усоверш. учителей ; под ред. М. Д. Арсеньевой. — Петропавловск-Камчатский : Дальневост. кн. изд-во, 1966. — 169 с. : ил.». 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 2,20 2,21 2,22 2,23 2,24 2,25 2,26 2,27 2,28 2,29 2,30 2,31 2,32 2,33 2,34 2,35 «Численность постоянного населения на 1 января (человек) 1990-2013 года». 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Итоги Всероссийская перепись населения 2010 года. Численность населения городских округов, муниципальных районов, городских и сельских поселений, городских и сельских населённых пунктов». 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Справочник по административно-территориальному устройству Камчатского края, 2020». 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2023 года». 
  6. Den russiske folketeljinga i 2010 Arkivert 2014-02-21 ved Wayback Machine. på russisk

Bakgrunnsstoff