Kravlenisse
Kravlenissene er ein dansk juletradisjon.[1] Han er ei avbilding av ein julenisse på papp som ein kan henga opp på veggar eller møblar som julepynt.[2]
Allereie i byrjinga av 1900-talet hadde nokre teiknarar laga nisse-utklippsark, og i 1920-åra teikna Alfred Schmidt nissar til glede for borna på Krebs' skule, der sonen hans var styrar.
Men det var den danske julenisseteiknaren Frederik Bramming som i 1947 fann på å kalla utklippsark med små pappnissar for «kravlenisser».[3] Han teikna dei to første arka med kravlenissar som kom ut i 80 000 eksemplar. Det blei ein stor suksess, og allereie året etter fanst det mange ulike utgåver av kravlenissane.
Kjelder
- ↑ Kravlenisser på Tegneseriemuseet, arkivert frå originalen 24. november 2010, henta 26. november 2020
- ↑ «kravlenisse — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 26. november 2020
- ↑ «kravlenisse | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 26. november 2020
- Denne artikkelen bygger på «Kravlenisse» frå Wikipedia på bokmål, den 26. november 2020.