Krigar Israel har vore med i

Dette er ei liste over krigar den moderne staten Israel har vore med i sidan opprettinga i 1948.

Israelske krigar frå 1947 til 2009

Den 29. november 1947 bestemte generalforsamlinga i SN med 33 mot 13 stemmar (ti land avstod frå å stemme, eitt land var fråverande) å dele Palestina vest for Jordanelva og opprette ein jødisk og ein palestinsk stat. Denne avgjerda la grunnlaget for Midtausten-konflikten, som førte til at Israel har starta ei rekke krigar mot arabarland, i første rekke. Israel sin tradisjonelle allierte har vore USA, sjølv om dei to aldri direkte har utkjempa ein krig saman.

Namn Part 1 Part 2 Resultat
Den arabisk-israelske krigen 1948  Israel  Egypt

 Syria
Flagget til Jordan Transjordan
 Irak
 Libanon
 Saudi-Arabia
 Jemen

Siger
  • Den arabiske invasjonen av Israel vart slått tilbake
  • Utviding av israelsk territorium
Suezkrisa
(1956)
 Israel

 Storbritannia
 Frankrike

 Egypt Siger
  • Israelsk okkupasjon av Sinai, blokaden av Tiran-sundet vart heva
Seksdagarskrigen
(1967)
 Israel  Egypt

 Syria
 Jordan
 Irak

Siger
Utmattingskrigen
(1968–1970)
 Israel  Egypt

 Sovjetunionen

Siger
  • Israel heldt fram med kontroll over Sinai
Yom Kippur-krigen
(1973)
 Israel  Egypt

 Syria
 Irak

Siger
  • Den arabiske invasjonen av dei områda deira som Israel hadde teke frå dei vart driven tilbake
Libanon-krigen 1982  Israel
SLA

Fil:Flag of the Lebanese Forces.tif LF

Det palestinske flagget PLO

 Syria

Hizbollah

Amal

Siger
  • PLO trekte seg ut av Libanon
  • Israelsk okkupasjon av Sør-Libanon (til 1985) og tryggleikssone i grenseområda (til 2000)
Libanon-krigen 2006
(2006)
 Israel Hizbollah Begge partane hevda å vere sigrande
  • Oppretting av SN-kontrollert buffersone i Sør-Libanon

Krigar der Israel har gitt støtte til ein part utan å delta direkte

  • Den angolanske sjølvstendekrigen[1][2]. (1961–1975). Israel gjev FNLA støtte.
  • Borgarkrigen i Nord-Jemen (1962–1970). Israel støttar dei styrande Royalistene og gir dei forsyninger via lufta.
  • Den libanesiske borgerkrigen (1975–1990). Israel støttar dei kristne militsene med materiell støtte og militære rådgivarar.
  • Den afghansk-sovjetiske krigen[3] (1979–1989). Israel støtter dei islamistiske terroristane Mujahedin materielt, saman med ei rekke andre land.
  • Iran-Irak-krigen (1980–1988). Israel gir materiell støtte til Iran. Iran har seinare nekta for dette.
  • Den andre borgarkrigen i Sudan[4] (1983–2005). Israel forsyner Sør-Sudans frigjeringshær med panservernmissilar.
  • Gulfkrigen (1990–1991). Israel vart nekta å delta i kampane, men gav likevel materiell støtte til koalisjonen.
  • Nagorno-Karabakh krigen (1991–1994). Somme kjelder hevdar at Israel og Tyrkia forsynte Aserbajdsjan med missil.
  • Kargilkrigen[5] (1999). Israel gjer fly og dronar til India.
  • Krigen i Afghanistan (2001–). Tyskland brukar israelske dronar.

Referansar

  1. Beit-Hallahmi, Benjamin (1988). The Israeli Connection: Whom Israel Arms and Why. p. 64.
  2. Figueiredo, António de (1961). Portugal and Its Empire: The Truth. p. 130.
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. januar 2012, henta 2. juni 2011 
  4. Karl R. DeRouen and Uk Heo. Civil wars of the world: major conflicts since World War II. 1. ABC-CLIO. p. 742.
  5. Referansar: