Krimgotisk
Krimgotisk | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk Austgermansk Gotisk | |
Bruk | ||
Var tala i: | Krim | |
Språkkodar | ||
Glottolog: | crim1255
|
Krimgotisk er ein dialekt av gotisk som vart tala av krimgoterane i nokre isolerte område av Krim, kanskje inntil så seint som 1700-talet.
Svært lite av det krimgotiske språket har overlevd; all kunnskap om det byggjer på eit brev av den flamske 1500-talsambassadøren Ogier de Busbecq, som gjev ei liste på om lag 80 ord og litt innsikt i grammatikken. Nokre av ord nedskrivne av de Busbecq er tydeleg germanske. Innsamlinga kan vera prega av hans eige flamske språk og det at den eine av informantane hans hadde gresk som morsmål og krimgotisk som andrespråk medan den andre var ein opphavleg talar av krimgotisk som hadde gått over til gresk.
Døme:
Krimgotisk | Norsk | Engelsk | Bibelgotisk | Tysk | Nederlandsk | Færøysk | Islandsk | Svensk | Dansk |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
apel | eple | apple | apls (m.) | Apfel | appel | súrepli | epli | (vild-)apel, äpple | æble |
handa | hand, hånd | hand | handus (f.) | Hand | hand | hond | hönd | hand | hånd |
schuuester | syster, søster | sister | swistar (f.) | Schwester | zus(ter) | systir | systir | syster | søster |
hus | hus | house | -hūs (n.) | Haus | huis | hús | hús | hus | hus |
reghen | regn | rain | rign (n.) | Regen | regen | regn | regn | regn | regn |
singhen | syngje, synge | sing | siggwan (vb.) | singen | zingen | syngja | syngja | sjunga | synge |
geen | gå | go | gaggan (vb.) | gehen | gaan | ganga | ganga | gå | gå |
Bakgrunnsstoff
- Introduction to Crimean Gothic Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine. ved utexas.edu
- Ogier de Busbecq sin tekst om krimgotisk (på latin)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Crimean Gothic» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2013.
- Introduction to Crimean Gothic Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine. ved utexas.edu