Krypsoleie
Krypsoleie | |
Krypsoleie | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Underfamilie: | Ranunculoideae |
Stamme: | Ranunculeae |
Slekt: | Soleieslekta Ranunculus |
Art: | Krypsoleie R. repens |
Vitskapleg namn | |
Ranunculus repens |
Krypsoleie er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing og er mykje av ein kosmopolitt. Planta vert kring 20 cm høg og er mørkgrøn, snau eller håra. Krypande stengel med røter ved ledene og opprette greina stenglar. Bladet delt i tre tydeleg skafta flikar. Han har snau nøtt med kort rett nebb. Krypsoleie blømer kring juni månad på fuktige stader og i åkrar.
Den opphavlege utbreiinga av krypsoleie er i Europa, Nord-Afrika og tempererte delar av Asia. Han finst også innført i Australia, New Zealand, Nord- og Sør-Amerika.[1] Krypsoleie er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen opp til 1230 moh. på Hardangervidda.
Kjelder
- ↑ Taxon: Ranunculus repens L., Germplasm Resources Information Network (GRIN)
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Revsmörblomma» frå Wikipedia på svensk, den 7. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
- (no) Krypsoleie hos Artsdatabanken
- (en) Krypsoleie – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Krypsoleie i Encyclopedia of Life
- (en) Krypsoleie i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Krypsoleie hos Dyntaxa
- (en) Krypsoleie hos ITIS
- (en) Krypsoleie hos NCBI
- (en) Krypsoleie hos The International Plant Names Index
- (en) Krypsoleie hos Tropicos
- (en) Kategori:Ranunculus repens – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ranunculus repens – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons