Kurilargropa
Kurilargropa er ei havdjupne i Stillehavet utanfor søraustkysten av Kurilane. Den største djupna er omlag 9750 m.
Gropa er danna som eit resultat av ei subduksjonssone som også danna øybogen til Kurilane og vulkanbogen på Kamsjatka i krittida. Stillehavsplata er plata som er i ferd med å gå under Okhotsk-plata langs gropa, noko som fører til intenss vulkanaktivitet.
Kjelder
«Kurilergropen» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Kuril–Kamchatka Trench» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2017.