Løwenstrasse
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6f/Btd_lowenstrasse0.jpg/220px-Btd_lowenstrasse0.jpg)
Foto: J. Adnanes
Løwenstrasse er ein veg på Forus, sør for Stavanger, på Lura i Sandnes kommune. Vegen utgjer hovudvegen mellom Sola kommune og Forus. Vegen går frå Forussletta i aust til Forusbeen i vest og er 2 kilometer lang. Vegen er klassifisert som fylkesveg 349.
Historikk
Vegen er bygd på ein betong- rullebane frå andre verdskrig. Namnet Løwenstrasse (Løvegata) skal ha vorte gjeve av nordmenn som arbeidde på rullebanen. I 1944 vart flyplassane Sola og Forus knytt saman med ein 5 kilometer lang rullebane for å gjera flytting av fly enklare. Langs rullebanen lét tyskarane byggja hangarar for vedlikehald av fly, og ymse luftvern-tiltak. Rullebanen var kring 20 meter brei, og kan nokre stader sjåast når ein køyrer på vegen.
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
- Løwenstrasse Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine. på http://www.sandnes.kommune.no
- Stavanger lufthavn, Sola historie på http://www.avinor.no
Litteratur
- Festung Stavanger, Baumgarten 2005. ISBN 3-00-013055-1