Lars Berger
Lars Berger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mai 1979 (45 år) Levanger kommune |
Idrett | skiskyting, langrenn |
Tok del i | Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007 |
Utmerkingar | Egebergs Ærespris, Olavstatuetten |
Lars Berger (fødd 1. mai 1979) frå Levanger, er ein norsk tidlegare skiskyttar og langrennsløpar. Han satsar hovudsakleg på skiskyting, men har òg særs gode resultat frå fristilrenn i langrenn, blant anna VM-gull på 15 km. Han representerte Dombås IL i skiskyting og Byåsen IL i langrenn.
Berger er den einaste utøvaren som har vunne VM-tittel både i langrenn og skiskyting. 10. mars 2007 vart han tildelt Egebergs Ærespris for sine prestasjonar i skiskyting og langrenn.[1]
Lars Berger la opp i 2015 på grunn av vedvarande kneproblem
Merittar som skiskyttar
- VM 2009: Gull på 4 × 7,5 km stafett
- VM 2009: Sølv på 10 km sprint
- VM 2007: Sølv på 4 x 7,5 km stafett
- VM 2004: Sølv på 15 km fellesstart, sølv på 4 x 7,5 km stafett
Merittar som langrennsløpar
- OL 2010: Sølv på 4 × 10 km stafett
- VM 2007: Gull på 15 km fri teknikk og 4 x 10 km stafett
- VM 2005: Gull på stafett, 4. plass på 15 km fri teknikk
Bakgrunnsstoff
- Om Lars Berger på Biathlonworld Arkivert 2007-02-07 ved Wayback Machine.
- Biografi hos FIS Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- Youtube: Lars Berger og Ingerid Stenvold
Referansar
- ↑ Egebergs Ærespris tildeles Lars Berger, Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité 2.3.2007