Leonardstatuetten

Arthur Arntzen fekk Leonardstatuetten i 1999

Leonardstatuetten er ein norsk revypris som ofte vert kalla den høgste heideren i norsk revy. Prisen vert utdelt av Norsk revyforfatterforening, og og vert gjeven til personar som gjennom lengre tid har betydd mykje for for underhaldningslivet i Noreg. Prisen har vore tildelt alt frå scenografar til skodespelarar og forfattarar. Den første prisen vart delt ut i 1968 og den første som fekk heideren var Arvid Nilssen.

Prisen er oppkalla etter Einar Leonard Schanke, ein av dei viktige revypersonlegdomane i Noreg frå 1950-talet til han gjekk bort i 1992, både som instruktør, komponist og revydirektør.

Prisvinnarar

  • 1968 – Arvid Nilssen – skodespelar
  • 1969 – Leif Juster – skodespelar
  • 1970 – (ikkje utdelt)
  • 1971 – Kari Diesen – skodespelar
  • 1972 – Arve Opsahl – skodespelar
  • 1973 – Bias Bernhoft – revyforfattar
  • 1974 – Jens Book-Jenssen – skodespelar
  • 1975 – Carsten Byhring – skodespelar
  • 1976 – Rolf Just Nilsen – skodespelar
  • 1977 – Einar Schanke – intruktør og komponist
  • 1978 – Rolv Wesenlund – skodespelar
  • 1979 – Otto Nielsen – revyforfattar
  • 1980 – Arild Feldborg – revyforfattar
  • 1981 – Alfred Næss – revyforfattar
  • 1982 – Knut Solberg – scenograf
  • 1983 – Elsa Lystad – skodespelar
  • 1984 – Harald Heide-Steen – skodespelar
  • 1985 – Arild Haga – revyforfattar
  • 1986 – Elisabeth Granneman – skdespelar
  • 1987 – Sølvi Wang – skodespelar
  • 1988 – (ikkje utdelt)
  • 1989 – (ikkje utdelt)
  • 1990 – Yngvar Numme – skodespelar
  • 1991 – Grethe Kausland – skodespelar
  • 1992 – (ikkje utdelt)
  • 1993 – Dizzie Tunes: Tor Erik Gunstrøm, Svein-Helge Høgberg, Einar Idland, Øyvind Klingberg, Yngvar Numme – skodespelarar
  • 1994 – Bjørn Sand – revyforfattar
  • 1995 – Erik Diesen – revyforfattar
  • 1996 – (ikkje utdelt)
  • 1997 – Øystein Sunde - artist, komponist og tekstforfattar
  • 1998 – Hege Schøyen – skodespelar
  • 1998 – Øivind Blunck – skodespelar
  • 1999 – Arthur Arntzen - humorist og satirikar
  • 2000 – Dag Frøland – skodespelar
  • 2001 – KLM: Trond Kirkvaag, Knut Lystad, Lars Mjøen – skodespelarar
  • 2002 – Odd Børretzen – humorist og satirikar
  • 2003 – Brit Elisabeth Haagensli - skodespelar
  • 2004 – (ikkje utdelt)
  • 2005 – Andreas Diesen – revyhistorikar
  • 2006 – (ikkje utdelt)
  • 2007 - Jon Skolmen - skodespelar
  • 2008 - Jakob Margido Esp - skodespelar
  • 2010 - Rune Gokstad og Øystein Bache
  • 2012 - Linn Skåber
  • 2013 – Ingrid Bjørnov
  • 2014 – Ole Paus
  • 2015 – Knut Nærum (utdelt 2023)[1]
  • 2016 – Anne Marit Jacobsen
  • 2017 – Tore Ryen
  • 2018 – Nils Vogt
  • 2019 – Eldar Vågan
  • 2020 – Tom Sterri[2]
  • 2021 – Atle Antonsen (utdelt 9. des. 2024)[3]
  • 2022 – Trond Hanssen
  • 2023 – Anne-Kat. Hærland[1]
  • 2024 – Tom Mathisen & Herodes Falsk

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Anne-Kat. Hærland og Knut Nærum fikk den høythengende prisen», Se og hør nr. 1, 2024, side 32–33.
  2. «Tom Sterri fikk gjev revypris», Se og hør extra nr. 31, 2021, side 38–39,
  3. Atle Antonsen (10. desember 2024). «Atle Antonsen på Facebook» (på norsk bokmål). Henta 20. desember 2024.