Lilliehöökfjorden

Frå Lilliehöökfjorden.
Foto: Jerzy Strzelecki

Lilliehöökfjorden er ein fjordarm inst i Krossfjorden på vestkysten av SpitsbergenSvalbard. Han ligg på vestsida av halvøya Kong Haakons halvøy, eit 700 m høgt fjellmassiv som er ca 2 km breitt og 11 km langt. Inst i fjorden kjem den svære Lilliehöökbrea ut. Området er mykje vitja av turistskip.

Kjelde

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

Koordinatar: 79°15′43″N 11°41′08″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.