Lisa Tønne
Lisa Tønne | |||
![]() | |||
Fødd | 21. desember 1977 (47 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Teheran | ||
Fødenamn | Forozan Sadeghi Naser | ||
Verka som | komikar, skodespelar, programleiar, podkastvert, stemmeskodespelar | ||
Ektefelle | Kyrre Holm Johannessen |
Lisa Tønne (fødd 21. desember 1977) er ein norsk standupartist, programleiar og skodespelar.
Bakgrunn og familie
Tønne vart fødd under namnet Forozan Sadeghi Naser (فروزان صادقی ناصر) i Iran, og vart etter kort tid forlaten av foreldra i ei korg utanfor ein barneheim i Teheran.[1] Ho var blant dei siste adoptivbarna frå Iran som vart adopterte til ikkje-muslimske adoptivforeldre. Ho vart adoptert av eit par frå Trondheim, der ho budde til ho var 16 år gammal.
Lisa Tønne gifta seg i 2007 med programleiaren Kyrre Holm Johannesen og har to barn.
Utdanning
- 1 år på Nordmøre Folkehøgskule
- 2 år på Solbakken folkehøgskole
- 2 år på Bårdar Akademiet
Karriere
Tønne debuterte som standup-komiker på utestaden Lille i Oslo i 1999. Ho vart seinare programleiar i programmet Tur/retur på TVNorge. Ho hadde ei rolle under Turneen til Riksteateret med showet Skitt au, sjøl sola har flekker! og var musikalartist i musikalen The Space Vixens. Tønne spelte rolla Solfrid i TV 2-serien Seks som oss. Solo-standupshowet hennar med rollefiguren Ali Reza har gjeve ho ei rekkje oppdrag. Våren 2010 var Tønne deltakar i innslaget Camp Senkveld i TV 2-programmet Senkveld med Thomas og Harald.
Tusvik og Tønne vann publikumsprisen for årets morosamaste under Komiprisen 2015, og same år hadde dei både eit show på TV 2 og showa Tusvik & Tønne skammer seg! på Latter.[2] Nettavisa har kåra henne til ein av Noregs 25 mest innverknadsrike personane på internett.[3]
I 2020 var Tønne programleiar for dokumentarserien Håpets marked på NRK.
Podcast
11. oktober 2012 starta ho podcastprogrammet Tusvik & Tønne saman med Sigrid Bonde Tusvik[4]
Podcasten har fått hard kritikk for å hengja ut einskildmenneske, utan å måtta forhalda seg til Vær Varsom-plakaten, som redaktørstyrte medium følgjer.[5][6]
Hjernesvulst
I 2013 fekk Tønne operert bort ein svulst på hjernen. Då ho vakna opp av narkosen viste det seg at ho hadde vorte lam i halve andletet.[7]
TV-framferder
- 2020: Håpets marked (programleiar) (NRK)
- 2015: Tusvik & Tønne Talkshow (TV 2)
- 2015: Mitt Dansecrew (TV 2)
- 2014: Norske Talenter (TV 2)
- 2010: Camp Senkveld (TV 2)
- 2009: Ali Reza and the Rezas (TV 2)
- 2006: 9 av 10 nordmenn (medprogramleiar) (TV 2)
- 2004-05 & 2007: Seks som oss (Solfrid) (TV 2)
- 2002-03: Lørdan (spilte faste innslag som den pakistansk tenåring «Ali Reza») (NRK)
- 2001: Tur: Retur (medprogramleiar) (TVNorge)
Prisar og utmerkingar
- 2002 - Årets nykommer under Komiprisen 2002
- 2005 - Årets kvinnelege artist, revy og komedie under Komiprisen 2005
- 2015 - Publikumsprisen årets morosamaste under Komiprisen 2015 saman med Sigrid Bonde Tusvik
Kjelder
- ↑ «Moromammaen». Henta 8. april 2021.
- ↑ «– Trodde ikke vi skulle vinne». Henta 8. november 2015.
- ↑ nettavisen. «De 25 mest innflytelsesrike på internett i Norge». Nettavisen (på norsk).
- ↑ «Tusvik & Tønne». Arkivert frå originalen 11. oktober 2015. Henta 8. november 2015.
- ↑ Erle Marie Sørheim (30. januar 2019). «Ut mot podkast-stjerner: − I Tusvik og Tønnes verbale gapestokk». Henta 12. februar 2021.
- ↑ Erle Marie Sørheim (28. oktober 2020). «- I stedet for å svare meg, valgte Tusvik og Tønne å henge meg ut». Henta 12. februar 2021.
- ↑ «Lisa Tønne ble lam i halve ansiktet: - Jeg blir nok litt selvbevisst - TV2.no». Henta 8. november 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Lisa Tønne» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2021.