Ljudmila Postnova
Ljudmila Postnova | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 11. august 1984 (40 år) Jaroslavl |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Ljudmila Grigorjevna Postnova (fødd 11. august 1984) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Jaroslavl. Ho vart verdsmeister for Russland i 2005, 2007 og 2009. Postnova kunne vere både venstre rykkromspelar og spelstyrar.
Karriere
Landslagsspel
Postnova var landslagsspelar frå 2003. Frå 2005 til 2009 sanka ho årleg ein medalje med det russiske landslaget i dei store internasjonale meisterskapane. Etter VM-gull i 2005 kom EM-sølv i 2006, nytt VM-gull i 2007, OL-sølv i 2008 og så det tredje VM-gullet i 2009. I VM-finalen 2005 mot Romania vart ho toppskårar med sine sju mål. Postnova deltok i 206 landskampar og skåra 712 mål.
Klubbspel
Postnova var frå 2002 aktiv i den russiske toppklubben Lada Toljatti. Her vart ho nasjonal seriemester i 2003, 2004, 2005 og 2006. I 2007 nådde Lada finalen i EHF-meisterligaen, der det vart tap for danske Slagelse. Frå januar 2010 til 2014 spelte Postnova på Zvezda Zvenigorod sitt lag. Etter eit opphald avslutta ho 2016-18 med spel for Astrakhanotsjka.
Merittar
- VM-gull: 2005, 2007 og 2009 for Russland
- OL-sølv: 2008 for Russland
- EM-sølv: 2006 for Russland
- Finaletap i EHF-meisterligaen: 2007 med Lada Toljatti
- Russisk seriemeister: 2003, 2004, 2005, 2006, 2008 med Lada Toljatti
- Russisk cupmeister: 2006 med Lada Toljatti
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ljudmila Grigorjewna Postnowa» frå Wikipedia på tysk, den 13. november 2023.