Longueuil
Longueuil | |||
by | |||
|
|||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Del av | Greater Montreal | ||
Areal | 122,90 km² | ||
Folketal | 254 483 (2021)[1] | ||
Longueuil 45°30′51″N 73°26′17″W / 45.514083333333°N 73.438027777778°W | |||
Wikimedia Commons: Longueuil |
Longueuil er ein canadisk by som ligg i provinsen Québec. Byen ligg på sørbreidda av St. Lawrence-elva, på motsett side av Montreal. Han har 254 483 innbyggjarar (2021) og dekkjer eit areal på 122,9 km².
Historie
Charles Le Moyne grunnla Longueuil som eit seigneurie i 1657.[3] Staden blei eit sokn i 1845, ein landsby i 1848, by i 1874 og ein storby i 1920.
Ifølgje Abbé Faillon kalla Charles Le Moyne opp Longueuil etter landsbyen Longueil (merk noko ulike stavemåte) som i dag er administrasjonsstad for ein kanton i Dieppe i heimprovinsen Normandie.
Sonen hans, Charles Le Moyne de Longueuil, bygde Fort Longueuil som den befesta bustaden sin. Borga blei bygd av stein mellom 1685 og 1690, og hadde fire tårn.[4]
Det halvføydale seigneurie-systemet enda i 1845, og Longueuil blei gjort om til eit administrativt sokn kalla Saint-Antoine-de-Longueuil.[3] I 1848 blei ein del av soknet skild ut og offisielt erklært som landsbyen Longueuil. Denne landsbyen fekk status som by i 1874, og som storby i 1920.[3]
Byområdet blei utvida i 1961, då Longueil blei slått saman med Montréal-Sud, og igjen i 1969, då han blei slått saman med Ville Jacques-Cartier.[3] Ved begge høva heldt ein på namnet Longueuil for byen.
Byområdet omfattar også elveøya Île Charron og nokre av Boucherville-øyane.
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www150.statcan.gc.ca/t1/tbl1/fr/tv.action?pid=9810000201.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 https://www.donneesquebec.ca/recherche/fr/dataset/repertoire-des-municipalites-du-quebec/resource/c27b1830-2b46-4e80-819b-6238ff7c3b03; vitjingsdato: 10. desember 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 LINTEAU, PAUL-ANDRÉ; CLAIRE POITRAS. «Longueuil». The Canadian Encyclopedia. Historica-Dominion Institute. Arkivert frå originalen 21.juni 2012. Henta 25. februar 2012.
- ↑ Fort Longueuil. Canadian Register of Historic Places. Henta 7. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Longueuil» frå Wikipedia på bokmål, og «Longueuil» frå Wikipedia på engelsk den 15. januar 2025.