Nettlesaren_Lynx

Lynx

UtviklarThomas E. Dickey
Utgjeve1992
Nyaste versjon2.9.0dev.12 (9. januar 2023)[1]
OperativsystemUnix-variant, Microsoft Windows, OpenVMS
Skrevet iC
Typetekstbasert nettleser
LisensGPLv2
Nettstadhttps://lynx.invisible-island.net/

Lynx er den mest populære tekstbaserte nettlesaren for verdsveven. Han stør ikkje rammer, tabellar eller stilark. Denne nettlesaren er basert på curses, eit UNIX-bibliotek med funksjonar for å kontrollere utskrift til ein terminalskjerm frå eit C-program.

Utviklinga av Lynx byrja ved universitet i Kansas, og det er det hovudsakleg Michael Grobe, Charles Rezac og Lou Montulli som har fått æra for arbeidet.

Lynx for brukarar med særskilde behov

I og med at det er mogleg å bruke lynx utan mus i det heile, er lynx svært populær blant brukarar som har særlege krav til nettlesaren sin. Blinde bruker t.d. lynx, og les teksten med braille-skrift. Dessverre er det mange nettsider som ikkje blir laga med lynx i tankane. Sjølv om hyperlenkjer kan identifiserast med hjelp av symbol eller bilete lagra som gif-filer, kunne webutviklarane godt ha laga ein tekst-identifikator «under» den grafiske identifikatoren. Wikipedia sine sider er gode døme på ein nettstad som kan lesast både med lynx og med grafiske nettlesarar.

Lynx kan også brukast i kontekstar der ein loggar seg på maskiner via ssh, utan å få eit grafisk grensesnitt.

Kjelder

  1. Thomas E. Dickey (9. januar 2023). «ANN: lynx2.9.0dev.12» (på engelsk). Henta 23. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff