Man of the World av Fleetwood Mac
Man of the World Singel av Fleetwood Mac | ||
A-side |
«Man of the World» | |
---|---|---|
B-side |
«Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite» | |
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. april 1969 | |
Innspelt | Januar 1969 | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 2:51 | |
Selskap | Immediate | |
Låtskrivar(ar) | Peter Green | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Albatross» (1968) |
Man of the World | «Oh Well» (1969)
|
«Man of the World» er ein song av Fleetwood Mac frå 1969, skriven av vokalisten og sologitaristen Peter Green. Han kom først ut som singel i fleire land i 1969, og vart sidan gjeven ut på Greatest Hits i 1971. Han vart seinare gjeven ut i 1992 i plateboksen 25 Years – The Chain, og på samlealbuma The Very Best of Fleetwood Mac og The Best of Peter Green's Fleetwood Mac. Ein litt annleis versjon av songen vart gjeven ut i 1998 på samleplata The Vaudeville Years.
Komposisjon og utgjeving
I guess I've got everything I need
Peter Green (1969)
|
«Man of the World» er ein song om ein mann som har alt han ønskjer seg, utanom kvinna i hans liv. Songen går i D-dur og endar på ein D stor sekst-akkord.
Singelen nådde andreplassen på den britiske singellista den 7. juni 1969, og låg i alt 14 veker inne på lista. Han nådde òg topp 5 i Noreg og Irland og ein 12. plass i Nederland den 26. april 1969.
Han vart ikkje gjeven ut som singel i USA før 1976, på DJM Record. B-sida var då ein annan song.[1][2] Han har òg blitt gjeven ut i mange andre land som ein 'Golden Oldies'-singel.
Opphavleg B-side («Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite»)
Den første B-sida til den originale «Man of the World»-singelen var «Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite», tilskriven Earl Vince and the Valiants – men i røynda Fleetwood Mac under eit anna namn. Songen vart skriven og sungen av Jeremy Spencer, det einaste medlemmet i bandet som ikkje var med på A-sida. Songen vart sidan spelt av det tidlege, britiske punkbandet The Rezillos på debutalbumet Can't Stand the Rezillos.
Andre stader
Songen vart nytta av Ian Broudie som grunnlaget for songen «I Wish I Was in Love» på The Lightning Seeds-albumet Tilt. Denne songen står oppført med Peter Green som medlåtskrivar.
Songen vart nytta i filmen Loser i 2002 og filmen The Damned United i 2009.
Ein versjon av songen vart nytta i ein reklamekampanje mot alkohol og bilkøyring i Irland i 2000 og 2002.
Songen vart òg nytta for This is England '86 under avsluttinga av den første episoden i september 2010.
Midge Ure spelte inn ein versjon av songen for albumet 10 i 2008.
Medverkande
- Peter Green – vokal, gitar
- Danny Kirwan – gitar
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer
- Jeremy Spencer – vokal, gitar (berre B-sida)
Lister
- Storbritannia - 2. plass
- Noreg - 4. plass
- Irland – 5. plass
- Sør-Afrika – 11. plass
- Nederland – 12. plass
- Sverige – 12. plass
- Tyskland – 23. plass.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Man of the World (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- "Man of the World" på Discogs (liste over utgjevingar)