Mark Schwarzer
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 6. oktober 1972 | ||
Fødestad | Sydney | ||
Høgd | 194 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Fulham | ||
Nummer | 1 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Colo Cougars Penrith Nepean United Blacktown City Demons Marconi Stallions | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1990-94 1994-95 1995-96 1996-97 1997-2008 2008- |
Marconi Stallions Dynamo Dresden Kaiserslautern Bradford City Middlesbrough Fulham |
58 (0) 2 (0) 4 (0) 13 (0) 366 (0) 65 (0) | |
Landslag | |||
1993- | Australia | 73 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. mars 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 30. desember 2009 |
Mark Schwarzer (fødd 6. oktober 1972) er ein australsk fotballspelar som har spela som keeper for Fulham i Premier League i England, og for det australske landslaget.
Klubbkarriere
Schwarzer vart fødd i North Richmond, ein forstad til Sydney. Han begynte proff-karrieren sin i den australske klubben Marconi Stallions. I 1994 drog han til den tyske klubben Dynamo Dresden. Etter éin sesong der drog han til Kaiserslautern, og så vidare til Bradford City i engelsk 1. divisjon. Etter éin sesong der, gjekk han til Middlesbrough, der han spelte heilt til 2008. 29. desember 2007 vart han den utanlandske spelaren som hadde spelt flest kampar for ein og same engelske klubb, med 315 kampar.
Schwarzer sin kontrakt med Middlesbrough gjekk ut i juni 2008. Han vart tilbode ein ny kontrakt,[1] men valde i staden å skriva under på ein toårskontrakt for Fulham.[2] Han sa i intervju at han vart tilbode kontrakt også av Bayern München og Juventus, men avslo desse fordi dei ikkje kunne garantera at han fekk spela på førstelaget. Schwarzer spelte alle kampane i 2008/09-sesongen for Fulham, og vart kåra til årets Fulham-spelar på slutten av sesongen. Han vart òg kåra til månadens spelar i Premier League i februar 2010.
Landslagskarriere
Schwarzer fekk landslagsdebuten sin for Australia i ein bortekamp mot Canada i ein kvalifiseringskamp til fotball-VM i 1994. Han kom inn som innbytar då førstekeeperen Robert Zabica fekk raudt kort 17 minutt ut i kampen.[3] Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006 redda Schwarzer to straffespark i straffesparkkonkurranse i den avgjerande kampen mot Uruguay, som gjorde at Australia kvalifiserte seg til VM. Han spelte tre av Australia sine fire kampar i VM.
Etter VM i 2006 erklærte han at han ville koma attende til fotball-VM i 2010. Han spelte alle Australia sine kampar under Asiameisterskapen i 2007. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, då Australia kvalifiserte seg til å delta igjen, heldt Schwarzer på plassen som Australia sin førstekeeper.
Privatliv
Schwarzer sine foreldre emigrerte til Australia frå Tyskland i 1968.[4] Han snakkar engelsk, spansk og tysk. Når han spelar, brukar han framleis dei same leggbeskyttarane han brukte som 19-åring for Marconi Stallions.[5] Saman med kona Paloma har han to born, éin son og éi dotter. I 2009 vart han tildelt ordenen Order of Australia.[6]
Referansar
- ↑ «Schwarzer offered new Boro deal». BBC Sport. 16. mai 2008. Henta 21. mai 2008.
- ↑ «Fulham complete Schwarzer signing». BBC Sport. 22. mai 2008. Henta 22. mai 2008.
- ↑ «Australia vs. Canada Match Report». www.ozfootball.net. Arkivert frå originalen 16. oktober 2013. Henta 26. februar 2007.
- ↑ «The World Cup dream - Mark Schwarzer's Family». www.migrationheritage.nsw.gov.au. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 15. april 2008.
- ↑ «Goalkeeper Mark Schwarzer pads stand test of time». www.news.com.au/. Arkivert frå originalen 30. juni 2012.
- ↑ The Age (2009). Australia Day honours. Henta 26. januar 2009.
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 11. mars 2010.