Martin av Tours

Martin av Tours

Fødd316
FødestadSzombathely
Daud8. november 397
DødsstadCandes-Saint-Martin
Yrkekatolsk prest, soldat, katolsk biskop
Helgendag11. november
Skulptur frå 1531

Martin av Tours (3168. november 337) var ein romersk-katolsk misjonær og biskop fødd i Sabaria (i dagens Ungarn). Han er vernehelgen for Frankrike.

Martin var romersk soldat då han let seg døype 18 år gammal. Sidan var han misjonær mellom keltarane i Gallia. I 361 grunnla han Ligugé-klosteret, det fyrste i Gallia. Ti år seinare vart han utnemnd til biskop i Tours. Nær byen grunnla han klosteret Marmautier, som var eit viktig kyrkjesentrum.

Martin vart dyrka som helgen allereie på 400-talet. Han var ein av dei fyrste ikkje-martyrar som vart helgendyrka, og vart av kong Klodvig I gjort til vernehelgen for frankar-kongane. Festdagen mortensdag, den 11. november, har teke opp i seg skikkar frå ein eldre heidensk haustfest.

Martin levde eit asketisk liv. Av kunstnarar vert han ofte framstilt gjennom ei scene der han som soldat delar kappa si i to med sverdet. Eine halvdelen av kappa gjev han så til ein naken tiggar. Kappa han sjølv hadde att, capella, er opphav til ordet kapell.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Martin av Tours