Mary Poppins
Mary Poppins | |||
| |||
Opptrer i | Mary Poppins, Mary Poppins, Mary Poppins, Meri Poppins, do svidanija!, Mary Poppins vender tilbake | ||
---|---|---|---|
Land | Storbritannia |
Mary Poppins er hovudperson i ein serie barnebøker av den australsk-britiske forfattaren P.L. Travers (1899–1996). Bøkene kom ut frå 1934 til 1988. Figuren har seinare opptredd i film og musikal.
Mary Poppins er ein barnepassar med magiske evner som arbeider hjå familien Banks i London, der ho finn på mykje underleg i lag med barna i huset. Ho eig ein magisk paraply som mellom anna gjer henne i stand til å flyga.
I dei tre fyrste bøkene er opphaldet til Mary Poppins hjå familien flyktig. Ho dukkar opp, og forsvinn igjen. Den opphavlege intensjonen til forfattaren var at desse tre bøkene skulle utgjera eit avslutta heile, men etter mange oppmodingar frå begeistra lesarar skreiv ho fleire framhald.[1] Mary Poppins From A-Z (1962) består av 26 korte episodar, éin for kvar bokstav i alfabetet, og Mary Poppins in the Kitchen (1975) er ei blanding av forteljing og matoppskrifter. Dei tre andre bøkene frå 1952 til 1988 består av episodar som kronologisk sett går føre seg mellom den fyrste gongen Mary Poppins opptrer i bok 1, og avskjeden hennar i bok 3.
Film og musikal
Walt Disney sin musikalfilm Mary Poppins frå 1964 byggjer på dei fire fyrste bøkene.[2] Filmen hadde Julie Andrews og Dick van Dyke i hovudrollene som Mary og Bert. Elles medverka David Tomlinson som George Banks, Glynis Johns som Winifred Banks, Karen Dotrice som Jane Banks og Matthew Garber som Michael Banks. Ordet Supercalifragilisticexpialidocious blei introdusert i filmen, som ein songtittel.
Filmen er ein familiemusikal, delvis med ei blanding av levande skodespelarar og teiknefilmfigurar. Travers sjølv var ikkje fornøgd med filmen, sjølv om han gjorde stor suksess. Ho syntest at Disney hadde gjort Mary Poppins for snill: «The diagreeable qualities of Mary Poppins vanished».[3]
Ein musikal som bygde på filmen blei sett opp i London i 2004 med nyskrivne musikalske tilleggsnummer. Musikalen kom til New York i 2006.
Det er også laga ei sovjetisk TV-filmatisering av bøkene: Ha det bra, Mary Poppins! (1983-84).[4]
Bøker om Mary Poppins
- 1934: Mary Poppins – utgitt på norsk som Mary Poppins i 1949, 1965, 1972 og 1983, og i ny, norskillustrert utgåve i 2010.
- 1935: Mary Poppins Comes Back – utgitt på norsk som Mary Poppins kommer tilbake i 1950 og 1966
- 1943: Mary Poppins Opens the Door – utgitt på norsk som Mary Poppins åpner døren i 1967
- 1952: Mary Poppins in the Park – utgitt på norsk som Mary Poppins i parken i 1968
- 1962: Mary Poppins From A-Z
- 1975: Mary Poppins in the Kitchen
- 1982: Mary Poppins in Cherry Tree Lane - utgitt på norsk som Mary Poppins i Kirsebærgaten i 1985
- 1988: Mary Poppins and the House Next Door
Bøkene er illustrerte av Mary Shepard.
Kjelder
- ↑ Julia Eccleshare. Beatrix Potter to Harry Potter, portraits of children’s writers. National Portrait gallery, 2002. ISBN 1-85514-342-9
- ↑ «Mary Poppins» (på engelsk). Internet Movie Database.
- ↑ Julia Eccleshare. Beatrix Potter to Harry Potter, portraits of children’s writers. National Portrait gallery, 2002. ISBN 1-85514-342-9
- ↑ «Meri Poppins, do svidaniya» (på engelsk). Internet Movie Database.
- Denne artikkelen bygger på «Mary Poppins» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2024.