Mein Gott, wie lang, ach lange
BWV 155 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1716 | ||
Urframføring | 19. januar 1716 19. januar 1716 | ||
Publiseringsdato | 1886 | ||
Typisk lengd | 12:05 | ||
Satsar/akter | 5 |
Mein Gott, wie lang, ach lange?, BWV 155, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Weimar i 1716 for andre sundag etter trettande dag jul, den 19. januar. Stykket vart framført på nytt 16. januar 1724 i Leipzig.
Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-4) og Paul Speratus (femte sats)
Koraltemaet er basert på salmen «Es ist das Heil uns kommen her». Koralmelodien vart først registrert på 1400-talet som ein påskesong eller ein koral kalla «Freu dich, du werte Christenheit».
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for to fiolinar, bratsj, fagott og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av fem satsar:
- «Mein Gott, wie lang, ach lange?», Resitativ for sopran
- «Du mußt glauben, du mußt hoffen», Duett for alt & tenor
- «So sei, o Seele, sei zufrieden!», Resitativ for bass
- «Wirf, mein Herze, wirf dich noch in des Höchsten Liebesarme», Arie for sopran
- «Ob sichs anließ, als wollt er nicht», Koral
Kjelder
- «Mein Gott, wie lang, ach lange?». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
- Piano- og songpartitur for BWV 155 på bach-cantatas.com