Melhus kommune

Melhus kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Melhus
Areal 695 km²
 - land 660 km²
 - vatn 35 km²
Folketal 17 340  (1. januar 2023)
Målform nøytral
Ordførar Jorid Jagtøyen (Sp)
Kommunenr. 5028

Melhus kommune
63°10′0″ N 10°18′0″ E
Wikimedia Commons: Melhus
Nettstad: www.melhus.kommune.no

Melhus er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar til Trondheim kommune i nord, Selbu aust, Midtre Gauldal i sør og til Orkland og Skaun kommunar i vest.

Melhus kommune blei skipa i 1838. Kommunen slik han er i dag blei til 1. januar 1964, da kommunane Horg, Flå, Hølonda og Melhus slo seg saman. Den gamle kommunen Melhus har i ettertid ofte blitt kalla «Nedre Melhus». Namnet kjem av det norrøne gardsnamnet meðalhúsar, «midtgarden».

Geografi

Kommunen strekkjer seg frå Øysand i nord til Haga bru nord for Støren. Den øvste delen av Gauldalen er stort sett midtpuktet gjennom heile kommunen. I Gauldalen finn vi Gaulvassdraget, som er ei av dei beste lakseelvane i Noreg. På begge sider av Gaula finn vi oppover heile dalen store og gamle jordbruksområde. I tillegg går E6 stort sett langs Gaula heile strekninga gjennom Melhus kommune.

Heilt nord i kommunen finn vi Øysand, og Gaulosen, det store deltaet i Gaulvassdraget. Deltaet er eit av dei få store deltaa i landet som ikkje er utbygd, eller regulert på noko særleg måte. Øysand er også eit av trøndelagregionens største flatmarkområde. Under andre verdskrigen bygde tyskarane opp eit stort militærområde med flyplass her.

  • Største høgde over havet: Reinsfjellet (930 meter over havet)
  • Lågaste høgde over havet: Øysand (0 meter over havet)
  • Areal: 696 km²

Elvar, fjell og vatn i Melhus

Samfunn

Tettstader

Melhus sentrum
Foto: Marius Aune
Miljøgata i Melhus sentrum (2012)
Øysand
  • Melhus - Administrasjonssenter og den største tettstaden i kommunen. Blir ofte kalla ofte Nedre Melhus
  • Gimse - tettstad på motsett side av Gaula i forhold til Nedre Melhus
  • Kvål - tettstad sør for Melhus
  • Ler - Administrasjonssenter i den tidlegare Flå kommune
  • Lundamo
  • Hovin
  • Korsvegen
  • Gåsbakken

Skolar

I Melhus kommune finn vi elleve skolar, der åtte av desse er barneskolar, to er ungdomsskolar, og ein er ein kombinert 1.-10.-skole.

  • Brekkåsen skole
  • Eid skole (barne- og ungdomsskole)
  • Flå skole
  • Gimse skole
  • Gimse ungdomsskole
  • Gåsbakken skole
  • Hovin skole
  • Høyeggen skole
  • Lundamo skole
  • Lundamo ungdomsskole
  • Rosmælen skole

Idrettslag

  • Melhus idrettslag
  • Gimse idrettslag
  • Trønder-Lyn
  • Flå idrettslag
  • Lundamo idrettslag
  • Hovin idrettslag
  • Idrettslaget Leik

Aviser

  • Trønderbladet: Den største avisa i Melhus. Dekker også kommunane Klæbu, Midtre Gauldal og Skaun. Avisa kjem ut tysdag, torsdag og laurdag.
  • Gaula: Lokalavis for Melhus (dekker også Midtre Gauldal og Byneset) som held til i Melhuset i Melhus sentrum

Prestegjeld

Melhus prestegjeld høyrde til Gauldal prosti i Nidaros bispedømme. Den norske kyrkja har fire kyrkjelydar (kyrkjesokn) i Melhus prestegjeld (Melhus kommune), og kvar av dei har si kyrkje med kyrkjetenar, organist, klokkar, reinhaldar og kvart sitt sokneråd. Det er Flå, Horg, Hølonda og Melhus kyrkjelydar. I Hølonda kyrkjelyd står også Kolbrandstad stavkyrjke, som er eigd av eit privat lag.

Næringsliv

Dei mest kjende bedriftene i kommunen er Lydbokforlaget og Brødrene Flaarønning. Andre bedrifter:

  • Capro - transportkasser
  • Byggern Midttømme trelast
  • Helsport - Sportsutstyr og sportsklede

Historie

Melhus var åstad for mange viktige hendingar i vikingtida. Det var under grisebingen på garden Rimol i Melhus Håkon Jarl blei drepen av trælen sin, Tormod Kark. Einar Tambarskjelve var frå storgarden Gimsan i Melhus.

Kultur

Tusenårsstad

Kommunens tusenårsstad er Gimse/Romol/Sagastien, som er eit kjent historisk område med henvising til hendingar skrive i Snorres kongesoger. Området er tilrettelagt med ein sagasti med informasjonstavler.

Verdt å sjå

  • Jarlshola
  • Horg bygdetun
  • Gaula - svært god lakseelv
  • Bilde av Petter Dass i Melhus kyrkje
  • Kolbrandsdal stavkyrkje
  • Gauldal Teaterlag
  • Fotomuseet på Hølonda
  • Prestegårdslåna på Melhus
  • Sabotørmuseet - Hotell Norge
  • Hølonda Landbruksmuseum
  • Hølonda Skimuseum
  • Flå bygdesamling

Kjente folk frå Melhus

Politikarar

Kjente frå Snorres kongesoger og norrøn tid

  • Einar Tambarskjelve, bogeskyttar og stormann
  • Bergljot Håkonsdotter, kona til Einar Tambarskjelve
  • Lundesola, svært vakker kvinne frå sogene
  • Tora på Rimol, kjent frå sogene, hjelpte Håkon Jarl
  • Torleiv Spake, stormann frå norrøn tid

Idrettsutøvarar

Andre kjente

  • Glenn Grøtheim, bridgespelar og forfattar
  • Torstein Flakne, rockemusikar
  • Kirsti Huke, musikar, jazzvokalist

Bakgrunnsstoff

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.