Mole i Surrey
Mole | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Grevskap | West Sussex, Surrey | ||
Distrikt | Horsham, Crawley, Mole Valley, Elmbridge | ||
Nedslagsfelt | 512 km² | ||
Byar | Crawley | ||
Landemerke | Gatwick lufthamn | ||
Lengd | 80 km | ||
Kjelde | Baldhorns Copse | ||
- stad | Rusper, West Sussex | ||
• høgd | 105 moh. | ||
- koordinatar | 51°7′30″N 0°16′26″W / 51.12500°N 0.27389°W | ||
Munning | Themsen | ||
- stad | East Molesey, Surrey | ||
- koordinatar | 51°24′4″N 0°20′21″W / 51.40111°N 0.33917°W | ||
Mole i Surrey 51°24′04″N 0°20′21″W / 51.4011°N 0.339167°W | |||
Wikimedia Commons: River Mole |
Mole er ei elv i det sørlege England. Ho har utspringet sitt i West Sussex, nær London Gatwick lufthamn. Nokre kilometer før utløpet deler elva seg i to løp. Den nordlege (og minste) løpet fortset som Mole, medan det sørlege løpet blir kalla Ember ved Molesey. Dei to løpa møtest igjen og renn deretter ut i Themsen ved East Molesey.
Namnet «Mole» er assosiert til det engelske ordet for «moldvarp»; elva renn fleire stader mellom Dorking og Leatherhead under bakken. Under tørre somrar tørkar elva såpass inn at ho òg andre stader forsvinn frå overflata, og berre renn som ein bekk i steingrunnen under. Ei anna - og kanskje meir sannsynlleg forklaring på namnet - er at namnet Mole anten er danna av det latinske ordet mola («mølle») eller er ei lingvistisk tilbakedanning frå Molesey («Muls øy»).[1] Domesday Book for 1086 listar opp tjue møller ved elva; den eldste, Sidlow Mill, er datert til saksisk tid. [2][3]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mole (Surrey)» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.
Førehandsvising av kjelder
- ↑ Mills, A.D. (1998): Oxford Dictionary of English Place Names, 2. oppl., OUP, ISBN 0-19-280074-4
- ↑ Baker, R.G.M. (1989): «A guide to the industrial archaeology of the borough of elmbridge» i: Molesey History. Surrey Industrial History Group.
- ↑ Sidder, D. (1990): The Watermills of Surrey. Buckingham: Barracuda. ISBN 0-86023-480-0.