Money and Cigarettes er eit album frå 1983 av Eric Clapton. Plateomslaget syner Clapton, med ein sigarett i handa, som står ved sidan av ein smeltande Fender Stratocaster-gitar. Eric Clapton gav albumet tittelen fordi «det vart alt eg såg eg hadde att.»[6]
Money and Cigarettes markerte fleire viktige vendepunkt i karrieren til Clapton. Det var debutplata hans på sin eigen Duck-etikett på Warner Bros. sitt Reprise Records. Det var òg det første albumet han laga etter han tok tak i alkoholproblemet sitt.[3] Han sparka det gamle bandet sitt, men heldt på gitaristen Albert Lee. I staden leigde han inn studiomusikarar som bassisten Donald «Duck» Dunn og trommeslagaren Roger Hawkins, og henta òg inn gjestegitaristen Ry Cooder.[3]
Singelen «I've Got a Rock 'n' Roll Heart» vart ein stor hitt i USA for Clapton og nådde 18. plassen der, men gjorde det heller dårleg i Storbritannia der han ikkje gjekk inn på listene. Albumet nådde 16. plassen i USA og i Noreg gjekk det heilt til tredjeplassen.