Mont Pelvoux

Mont Pelvoux
fjell
Nordsida av Mont Pelvoux (venstre) og Pic Sans Nom (like til høgre for Mont Pelvoux)
Land  Frankrike
Fjellkjede Dauphiné-Alpane
Høgd 3 946 moh.
Primærfaktor 448 m
Førstestiging 30. juli 1828 - Kaptein Durand, A. Liotard og J. E. Matheoud
Koordinatar 44°55′N 06°21′EKoordinatar: 44°55′N 06°21′E

Mont Pelvoux
44°53′53″ N 6°23′36″ E
Wikimedia Commons: Mont Pelvoux

Mont Pelvoux er eit fjell i Massif des Écrins i Dei franske Alpane med ei høgd på 3 946 meter. I mange år trudde ein at Mont Pelvoux var det høgaste fjell i området, sidan ein ikkje kan sjå det høgare Barre des Écrins frå Durancedalen.

Det høgaste punktet på fjellet er Pointe Puiseux. Det finst tre lågare punkt:

  • Pointe Durand (3 932 m)
  • Petit Pelvoux (3 753 m)
  • Trois Dents du Pelvoux (3 682 m)

Fjellet er eit populært klatrefjell om sommaren. Førstestiginga vart gjort av Kaptein Durand og to gemse-jegerar, A. Liotard og J. E. Matheoud, den 30. juli 1828.

Bakgrunnsstoff