Morgan

Namnetrekket til Daniel Nash Morgan, Treasurer of the United States.
Namnetrekket til Morgan Tsvangirai, statsminister i Zimbabwe.

Morgan er eit person- og slektsnamn. Det har tradisjonelt vore eit mannsnamn, men er i nyare tid også blitt brukt som kvinnenamn. Morgan har norsk namnedag den 8. desember.

Opphav

Namnet er ei anglifisert form av det walisiske Morcant. Medan namnet tradisjonelt har vore eit gutenamn i Storbritannia og Skandinavia, har det andre stader, som i USA, vore mykje brukt som jentenamn. Dette kan ha samanheng med den kvinnelege sogefiguren Morgan le Fay, og med det irske gudinna Morrigan.

I Noreg er namnet særleg kjend gjennom bokseriehelten Morgan Kane.

Namneberarar

Førenamn

  • Morgan Robertson (1861–1915), amerikansk forfattar
  • Morgan Freeman (f. 1937), amerikansk skodespelar
  • Morgan Andersen (f. 1966), norsk fotballspelar
  • Morgan Gould (f. 1983), sørafrikansk fotballspelar

Annan bruk av namnet

  • Morgan Stanley, amerikansk bank
  • Captain Morgan, et vestindisk rom-merke
  • eininga morgan blir brukt innan genetikk

Kjelder

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Morgan», A Dictionary of First Names, Oxford University Press