Myrull

Myrull
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Storrfamilien Cyperaceae
Underfamilie: Cyperoideae
Stamme: Scirpeae
Slekt: Myrull Eriophorum
L., 1753

Myrull eller (myr)fivel er ei fellesnemning for fleire artar i storrfamilien (Cyperaceae). Dei er fleirårige myrplantar som øvst har ei trekanta nøtt med lange kvite ullhår. Dei kan ha ei høgd på 20-50 cm. Det finst myrull over heile Noreg, og det er registrert åtte artar her.

Artar i Noreg

  • Torvull (E. vaginatum)
  • Gullull (E. brachyantherum)
  • Snøull (E. scheuchzeri)
  • Brannull (E. russeolum)
  • Vrangull (E. medium)
  • Duskull (E. angustifolium)
  • Breiull (E. latifolium)
  • Småull (E. gracile)

Kjelder

  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Myrull