Narr
Narr var ein person som i mellomalderen var tilsett ved kongelege eller fyrstelege hoff og som hadde som oppgåve å finna på tåpelege sprell for å mora kongen og dei andre ved hoffet.
Historie
Dei eldste døma på hoffnarrar stammar frå det gamle Egypt.[1] Narreskikken var utbreidd i Europa og Asia, og er i europeisk samanheng særleg knytt til mellomalderen og renessansen. Den typiske narreutsjånaden med fleirfarga drakt og hatt eller hette med bjøller og eseløyre, hanekam eller hanehovud, stammar frå mellomalderen. Ordninga varte ved til 1700-talet, og noko lenger i Russland og Italia.[2]
Galleri
-
Allegorien ‘Narreskipet’ måla av Hieronymus Bosch kring 1495.
-
Radering frå 1800-talet som viser Will Summers, hoffnarren til kong Henrik VIII av England.
-
Der Schalcksnarr («tøysenarr»), tresnitt frå Jost Amman si Ständebuch (1568). Narren har narredrakt og narresepter.
-
Den spanske hoffnarren Sebastián de Morra måla av Diego Rodríguez de Silva y Velázquez i 1636.
-
Jokeren i spelkort har sidan 1890-talet vore pryda med ein hoffnarr med hetteforma narrelue.
Sjå òg
Kjelder
- ↑ «narr». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023.
- ↑ «nar | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), 15. november 2012, henta 17. november 2023