Nedre nasemusling

Den mediale veggen i venstre augehòle. Den nedre nasemuslingen er vist i midten, merka med gult.

Dei nedre nasemuslingane (lat. concha nasalis inferior, concha nasi inferior) er to parvise knoklar og to av nasemuslingane i nasa. Dei strekker horisontalt langs den laterale veggen i nasehòla, og er sett saman av ein lamina av svampeaktig bein, krølla over seg sjølv som ein bokrull. Begge dei nedre nasemuslingane vert rekna som parvise andletsbein, sidan dei oppstår i overkjevebeinet og projiserer horisontalt inn i nasehòla. Når luft straumar inn i muslingane vert den kverna mot dei slimhinnedekte knoklane for å skape varme, fukt og reinsing. Over dei nedre nasemuslingane finn ein dei midtre og øvre nasemuslingane, som oppstår i kraniepartiet i hovudskallen. Desse er difor rekna som kraniebein.

Begge dei nedre nasemuslingane har to overflater, to grenser og to ekstremitetar.

Kjelder

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.