Netthinnetåka
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1a/Retinanebel.jpg/220px-Retinanebel.jpg)
Netthinnetåka eller Retinatåka (katalogisert IC 4406) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 1900 lysår unna jorda i stjernebiletet Ulven. Som mange planetariske tåker framviser Netthinnetåka ei symetrisk form. Frå jorda ser ein Netthinnetåka ifrå sida og ho verkar flat, men tåka har eigentleg form som ein smultring.[1]
I tåka finst det mørke trådar av kjølig, nøytral gass. Desse sender ikkje ut stråling sjølv i form av synleg lys, men kan sjåast i silhuett av di dei er 1000 gongar tettare enn gassen i resten av tåka.[1] Trådane har ei breidd på 160 AE eller 160 gongar avstanden mellom sola og jorda. Det er ukjend om dei etter kvart vil gå i oppløysing eller om dei vil overleva stjernedøden.[1]
Bakgrunnsstoff
- Kort om trådane av støv og gass på Hubble-sida (engelsk)
- Artikkel av Knut Jørgen Røed Ødegaard om Netthinnetåka (bokmål)
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «The Retina Nebula: Dying Star IC 4406» - billetteksten til Hubble-biletet på éi av dei to offisielle heimesidene til teleskopet.