New Adventures in Hi-Fi

New Adventures in Hi-Fi
Studioalbum av R.E.M.
Språk angloamerikansk
Utgjeve 9. september 1996
Innspelt 1994–1996
Sjanger Alternativ rock
Lengd 65:33
Selskap Warner Bros. Records
Komponist Bill Berry, Michael Stipe, Mike Mills, Peter Buck
Produsent Scott Litt og R.E.M.
R.E.M.-kronologi 
Monster
(1994)
New Adventures in Hi-Fi Up
(1998)


New Adventures in Hi-Fi er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 1996. Albumet var det siste der Bill Berry, som hadde vore medlem sidan byrjinga, Jefferson Holt, som var den opphavlege manageren, og Scott Litt som hadde vore produsent på mange plater, var med i produksjonen. Det vart spela inn under og etter turnéen i høve den føregåande plata deira, Monster. Bandet hadde med seg åttesporsopptakarar for å ta opp konsertane, og brukte opptaka som grunnelement på albumet. New Adventures in Hi-Fi vart teke godt imot, og nådde andre plass på Billboard-listene i USA og fyrste plass på dei britiske albumlistene.

Innhald

Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

  1. «How the West Was Won and Where It Got Us» – 4:31
  2. «The Wake-Up Bomb» – 5:08
  3. «New Test Leper» – 5:26
  4. «Undertow» – 5:09
  5. «E-Bow the Letter» – 5:23
  6. «Leave» – 7:18
  7. «Departure» – 3:28
  8. «Bittersweet Me» – 4:06
  9. «Be Mine» – 5:32
  10. «Binky the Doormat» – 5:01
  11. «Zither» – 2:33
  12. «So Fast, So Numb» – 4:12
  13. «Low Desert» – 3:30
  14. «Electrolite» – 4:05

Kjelder