Nordre Sunnmøre prosti

62°28′16″N 6°8′45″E / 62.47111°N 6.14583°E / 62.47111; 6.14583

Ålesund kyrkje frå 1909.

Nordre Sunnmøre prosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Ålesund.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Prestetenesta var tidlegare ordna i prestegjeld, men den ordninga vart lagt ned i 2004.

Sokn i Nordre Sunnmøre prosti

  • Tidlegare Ålesund prestegjeld:
    • Ålesund sokn
  • Tidlegare Spjelkavik prestegjeld:
    • Spjelkavik sokn
  • Tidlegare Volsdalen prestegjeld:
    • Volsdalen sokn
  • Tidlegare Borgund prestegjeld:
    • Borgund sokn på Sunnmøre
    • Ellingsøy sokn
  • Tidlegare Sula prestegjeld:
    • Sula sokn
  • Tidlegare Vatne prestegjeld:
    • Vatne sokn
    • Hamnsund sokn
    • Brattvåg sokn
  • Tidlegare Haram prestegjeld:
    • Haram sokn
    • Fjørtoft sokn

Sjå òg

Bakgrunnsstoff