Nordre Aker prosti

Torshov kyrkje

Nordre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det er eitt av dei fem prostia som dekkjer Oslo kommune. Prosten har sete på Torshov.

Historie

Prostiet vart oppretta i 1984, under namnet Torshov prosti. Området høyrde før det under Oslo Domprosti. Namnet vart endra frå Torshov til Nordre Aker i 1994.[1] Frå skipinga femnde prostiet prestegjelda Grefsen, Lilleborg, Paulus, Sagene, Sofienberg, Tonsen og Torshov. I 2011 vart sokna Hasle og Sinsen overført til prostiet, medan Grefsen vart ført frå prostiet til Vestre Aker prosti og Tonsen til Østre Aker prosti.[2]

Sokn

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesråd
Hasle sokn Hasle kyrkje Oslo
Paulus og Sofienberg sokn Paulus kyrkje
Sofienberg kyrkje
Oslo
Sagene og Iladalen sokn Sagene kyrkje
Iladalen kyrkje
Oslo
Sinsen sokn Sinsen kyrkje Oslo
Torshov og Lilleborg sokn Torshov kyrkje
Lilleborg kyrkje
Oslo

Prestegjeld

Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nordre Aker prosti desse prestegjelda:

  • Sofienberg prestegjeld med
    • Sofienberg sokn
  • Torshov prestegjeld med
    • Torshov sokn
  • Tonsen prestegjeld med
    • Tonsen sokn
  • Paulus prestegjeld med
    • Paulus sokn
  • Lilleborg prestegjeld med
    • Lilleborg sokn
  • Sagene prestegjeld med
    • Sagene sokn
    • Iladalen sokn
  • Grefsen prestegjeld med
    • Grefsen sokn

Sjå òg

Referansar

  1. ««Nordre Aker prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Oslo. Henta 10. mars 2014. 
  2. ««Oslo biskop og bispedømmeråd : Årsmelding 2012», s. 10» (PDF). Oslo biskop og bispedømmeråd, nettstaden til Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Henta 10. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff

59°56′19″N 10°46′24″E / 59.93861°N 10.77333°E / 59.93861; 10.77333