Nyons
Nyons | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Drôme |
Grunnlagd | 500-talet fvt. |
Geografi | |
Flatevidd | 23,45 km² |
Flatevidd - By |
23,45 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
6 731 287/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 270 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 26110 |
Nyons er ein liten by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Drôme og har om lag 7 000 innbyggjarar.
Nyons har eit svært mildt mikroklima, noko som gjer det til ein god stad for folk med pusteproblem. Derfor er det oppretta ein spesial klinikk her til dette føremålet.
Historie
Nyons vart grunnlagd på 500-talet fvt. som Nyrax av ei gallisk stamme, sannsynlegvis Segusiavi eller Sequani. Hecataeus nemnde Nyrax rundt år 500 fvt. då han skriv om keltarar. Han ligg ved elva Aigues eller Eygues, som er kryssa av ei antikk bru.