Odessakatakombene

Odessakatakombene
Land  Ukraina

Odessakatakombene
46°32′48″N 30°37′50″E / 46.546666666667°N 30.630555555556°E / 46.546666666667; 30.630555555556
Wikimedia Commons: Odesa catacombs
Blant katakombene

Odessakatakombene er eit nettverk av tunnelar i tre nivå under byen Odessa i Ukraina. Største delen av katakombane er skapt i samband med gruvedrift etter stein. Katakombane rekk 60 meter under jordoverflata.

Det meste av husa frå 1800-talet i byen vart bygd av sandstein henta ut frå lokale gruver. Dei tomme gruvene vart seinare nytt og utvida av lokale smuglarar. Dette skapte ein gigantisk labyrint av undergrunnstunnelar under Odessa, som vart kalla katakombar

I dag er dei populære for turistar som er ute etter spenning, sidan det kan vere farleg å utforske tunnelane. Slike turar er ikkje offisielle sidan katakombane ikkje er fullstendig kartlagde og ikkje vert rekna som trygge. Det har vore tilfelle der folk har gått seg vill i tunnelnettverket og døydd av dehydrering eller steinras.[1]

Galleri

Sjå òg

  • Slaget ved Odessa i 1941
  • Znojmokatakombene

Kjelder

  1. http://un.ua/rus/article/370320.html Emercom ceazes search of a student missing in Odessa catacombs.] (ukrainsk)

46°32′48″N 30°37′50″E / 46.54667°N 30.63056°E / 46.54667; 30.63056