Omleiringa av Pizzighettone var den første store militære handlinga i dei norditalienske felttoga i den polske arvefølgjekrigen. Soldatar frå Frankrike og Kongedømet Sardinia starta ein blokkade av festninga Pizzighettone i det habsburgskeHertugdømet Milano den 11. november 1733, og starta kringsetjingsoperasjonane den 15. november. Den 30. november starta kommandanten i den austerrikske garnisonen ei kapitulering der han lovde å trekkje seg attende mot Mantova den 9. desember om han ikkje fekk støtte. Sidan festninga ikkje fekk forsterkningar, trekte garnisonen seg ut med full krigsære den 9. desember.