Onyks
Onyks | |||
![]() Ei skive av sardonyks (breidde = 2,5 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksidmineral | ||
Kjemisk formel | Silika (silsiumoksid, SiO2) | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 60 g / mol | ||
Farge | Varierande | ||
Krystallsystem | Trigonal, monoklinisk | ||
Kløyv | Fråverande | ||
Brot | Ujamn, muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6–7 | ||
Glans | Glasaktig, silkeaktig | ||
Strekfarge | kvit | ||
Spesifikk vekt | 2,65–2,667 |

Onyks er ein varietet av mineralet kalsedon (dvs. mineralet kvarts). Han er samansett med avvekslande smale svarte og kvite lag, som er skarpt fråskilde, rette og parallelle. Han vert nytta som smykkestein, særleg til kamear.
Onyksmarmor
Onyksmarmor er ein fint banda og gjennomskinneleg kalkbergart med kvit, gul, brun eller grønleg farge. Han er danna som dryppstein eller ved utfelling frå varmekjelder. Han tek politur og blir nytta som pyntelekam. Han er òg kjent under namn som meksikansk marmor, orientalsk alabast eller berre alabast. I handelen blir han òg brukt den villedende kortforma onyks.
Sardonyks
Sardonyks er ein agat med parallelle raudbrune og kvite band. Han vert nytta som smykkestein.
Kjelder
- «Onyks» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 17. desember 2013.
- «Onyksmarmor» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.
- «Sardonyks» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.