Ottadalen
Ottadalen | |||
dal | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Ottadalen 61°50′00″N 9°14′00″E / 61.833333333333°N 9.2333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ottadalen |
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bb/Skjaak.jpg/220px-Skjaak.jpg)
Ottadalen er den nørste av dei store sidedalane i Gudbrandsdalen og består av kommunane Skjåk, Lom, Vågå og delar av Sel. Namnet kjem frå elva Otta som renn gjennom dalen. Frå sør i Skjåk til Vågåmo går elva som eit vatn, som heiter Skim nord for Fossbergom i Lom og Vågåvatnet vidare til Vågåmo.
Historie
Ottadalen har vore mykje brukt som ferdselsåre mellom Vestlandet og Austlandet over Strynefjellet til stryn, Langedalen til stranda, over Jostedalsbreen til Jostedalen og Luster; og Sognefjellet til Sogn. Det er og ein snarveg frå Vågå, langs Jotunheimen og til Fagernes.
Geografi
Ottadalen byrjar frå Strynefjellet i vest, og tek med mange smådalar, som Tundradalen, Tordalen, Lundadalen, Raudalen og Bråtådalen, som munnar ut i Skjåk. I Lom kommune inneber det Bøverdalen, som startar på Sognefjellet, og Vårdalen, som dei viktigaste dalføra. I området nordanfor mellom Lom og Skjåk, byrjar Finndalen som går austover og munnar ut i Vågå. Elles har Vågå Sjodalen, som startar i området rundt Valdresflyi, og går over i Heidal som går austover og munnar ut i Sel.
Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen er dei tre nasjonalparkane i området.
Samferdsel
Ottadalen har fylgjande vegar:
Fylkesvegar:
- Fylkesveg 436 i Oppland Baksida Vågåmo - Otta
- Fylkesveg 438 i Oppland Rosten - Nord-Sel
- Fylkesveg 453 i Oppland Vågåmo - Finndalen
- Fylkesveg 454 i Oppland Solsida Vågåmo - Øverbygda
- Fylkesveg 456 i Oppland Lalm - Heidal
- Fylkesveg 467 i Oppland Solsida Lom - Flåklypa(Bøverdalen)
- Fylkesveg 468 i Oppland Solsida Vågåmo - Lom
- Fylkesveg 471 i Oppland Galdesand(Bøverdalen) - Bøverdalen (Bomveg til Neto sætergrend)
- Fylkesveg 473 i Oppland Solsida Vågåmo - Lom
- Fylkesveg 483 i Oppland Solsida Nye Vollungsbrua - Staurust
- Fylkesveg 484 i Oppland Baksida Nye Vollungsbrua - Lundagrendi - Skamsar
- Fylkesveg 485 i Oppland Solsida Skamsar - Gjøingsli - Dønfoss
- Fylkesveg 486 i Oppland Bråtå Dønfoss - Sota sæter
Riksvegar:
Otta - Måløy
- 51 Vågå - (Randsverk) vinterstengt over Valdresflyi til Valdres
- 55 Lom - (Bøverdalen) vinterstengt over Sognefjellet til Luster
- 63 Langvatnet vinterstengt til Geiranger; Langedalen - Geiranger
- 258 Gamle Strynefjellsvegen: Grotli vinterstengt til Videsæter; Strynefjellet - Videsæter
Næring
Næringslivet går hovudsakleg i skogbruk, jordbruk og tenesteytande næring. Ottadalen hadde ein lokalradio saman med Lesja og Dovre som heitte Nordalsradioen, men er no kjøpt opp av mediaindustrien i Midtdalen og sjølv om han enno heiter Nordalsradioen, so er han konsentrert i området mellom Lillehammer og Otta. Ottadalen har lokalavisa Fjuken, som eig mykje av lokalavisa Vigga, for Lesja og Dovre.
Ottadalen mølle er ei samanslutning av Ofossen mølle i Skjåk og mølla i Lom, der hovudproduksjonen er. Ottadalen billag var billaget i Ottadalen, og hadde tatt seg av nesten all den lokale busskøyringa. Billaget er i dag kjøpt opp av Fjord1, og fjord 1 Ottadalen er oppkjøpt av Trønder Bilane noko som gjer at det gamle billaget blir viktig når det gjeld busstransport mellom Austlandet og Vestlandet. før i tida var det Sel kommune som hadde billaget. da hette det Ottdalen Kommunale Billag (OKB)
Kjelder
- [1] Arkivert 2008-06-11 ved Wayback Machine.
- [2]
- [3]