Paternosterheis
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8c/Paternoster.jpg/220px-Paternoster.jpg)
![animated scheme of a paternoster](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/85/Paternoster_animated.gif/160px-Paternoster_animated.gif)
Paternosterheis er ein heistype der ein transporterer noko i ei sløyfe som går sakte rundt utan å stoppa. Til skilnad frå vanleg transportband eller rulletrapp går transporten to vegar. Det kan dreia seg om ei form for heis med boksar som går opp eller ned i kvar si sjakt. Denne typen heis vart oppfunnen i England i 1884. Det kan òg vera snakk om transportband med skuffar eller tynner eller i form av taubaner med råstoff ein veg og ferdigprodukt eller halvfabrikata i retur.
Referansar
- Denne artikkelen bygger på Paternosterheis på Wikipedia på bokmål, utgåva frå 20. februar 2018